Vinterferie
med det beste av fjord og fjell
Vinterferie i Loen byr på noko for alle aldrar. Loen Skylift og Hoven Restaurant held ope dagleg heile veke 8 og 9, og på Hotel Alexandra er det mykje kjekt som skjer. Loen Play held ope dagleg veke 8, og på fjellet kan du ake i Norges lengste akebakke, leike i snøen, gå tur, topptur på ski eller berre sitje i solveggen og nyte fridagane. Loen Skylift diskar opp med god mat og gratis aktivitetar!
Program for vinterferien
Vinter-aktivitetar
Hotel Alexandra
Vinterferietilbod
Dette skjer på Hoven i vinterferien 2026
14. feb. - 1. mars: Snøsafari for barn på Hoven
14. februar: Konsert med Inger Lise Hope
18. februar: Moro og magi med Erik Mogeno
19. februar: Guida trugetur for heile familien
19. februar: Kahoot Familiequiz
20. februar: Felles aketur til Oppheim
21. februar: Moro og magi med Erik Mogeno
21. februar: Lysvandring for heile familien
26. februar: Guida trugetur for heile familien
27. februar: Kahoot Fredagsquiz
Med forbehold om endringar og snøforhold. Aktivitetane er gratis å delta på. Kjelkar og truger kan leigast om du ikkje har med eige utstyr. Snøsafari kvar dag heile vinterferien.
Opp i snøen!
På kun 5 minutt er du komen frå fjordnivå til vinterfjellet, og kan ake i Norges lengste akebakke, leike, gå på tur i preparerte vandreløyper, ta ein trugetur eller berre nyte utsikta.
Aktivitetar
På Hoven kan du ake i Norges lengste akebakke*, ake i bakkane på toppen, leike i snøen, gå tur i preparerte vandreløyper, gå topptur eller trugetur. Det blir også organiserte aktivitetar i ferien. Fjellbutikken i 2. etg på fjellstasjonen held ope dagleg frå laurdag 14. til søndag 22. februar kl 10-16 med utleige av kjelkar, truger, snøfjøl og vinterbekledning. Det er mogleg å leige kjelkar og truger også utanom opningstidene til Fjellbutikken. Nede i Loen kan borna leike seg på Loen Play. Du kan også bestille guida kajakktur med Loen Active, eller leige sjølv dersom du har våttkort.*Med forbehold om vêr og snøforhold.
Innekos på fjellet
Med panoramautsikt heilt på kanten av fjellet finn du Hoven Restaurant & Bar. Her får du servert mat med lokale råvarer frå ein ny og rikhaldig À la carte meny. I restauranten får du også burger og fjellpizza i mange variantar.
Bu godt
Rett ved Loen Skylift finn du eit av Norges flottaste spa-hotell, og i gangavstand finn du også Loen Apartments. Her bur du midt i smørauget for opplevingar i høgfjellet, og rundt om i regionen. Hotel Alexandra har gode pakkeprisar i vinterferien, og eit spanande program for små og store. Gjestar på hotellet får spesialpris på turen med Loen Skylift.