Gjer Valentinsdagen til noko heilt spesielt og opplev ein stemningsfull konsert med Inger Lise Hope – ei av Noregs sterkaste og mest uttrykksfulle stemmer.
Den Stavanger-baserte artisten tok heile landet med storm då ho gjekk heilt til topps i The Voice 2024, og rørte både publikum og mentorar med si klokkeklare stemme, sterke formidling og unike evne til å gi kvar song sitt heilt eige uttrykk. Med ei sjeldan blanding av kraft, varme og emosjonelt nærvær skaper ho musikalske augeblikk som går rett til hjartet. Med hovudroller i musikalar som Skjønnheten og Udyret og The Sound of Music, samt kritikarroste konsertar på nokre av landets fremste scener, har Inger Lise Hope befestet si rolle som ein artist i særklasse. Kvar opptreden er ei nær og uforgløymeleg oppleving.
Billettar kan kjøpast med eller utan treretters meny – perfekt for ein romantisk kveld med både kulinariske og musikalske høgdepunkt.
Valentine-meny (treretters):
Forrett
Grilla asparges
Burrata
Marinerte cherrytomatar
Hovudrett – vel mellom:
Kalvemedaljong med miso-selleripuré, krispy rotgrønsaker og trøffelsaus
eller
Piggvar med søtpotetpuré, brokkolini og sauce iode
Dessert
Variasjon av sjokolade og bringebær
Menyen vert servert frå kl 18 og fram til kl 21. Ta kontakt med alex@alexandra.no for bordbestilling.
Konsertbillett: 440,- ink. mva + avgift
Konsertbillett og tre-retters middag: 1190,- ink. mva + avgift
Dei som har billett til arrangementet kan kjøpe t/r billett med Loen Skylift til spesialpris 250,- ved ankomst. Dei som har årskort kan sjølvsagt nytte dette.
Velkomen til ein Valentine’s-kveld i spektakulære omgjevnader – fylt med hyggeleg stemning, utsøkt mat og musikalsk magi.
Billettar til konserten kjøper du her
Ønskjer de overnatting på Hotel Alexandra?
Pris frå 1730,- pr person i dobbeltrom inkludert frukost og inngong i Alexandra Bad for dei som har billett til arrangementet. Enkeltromstillegg frå 400,-. Merk at det er eit begrensa antall rom tilgjengeleg til denne kampanjeprisen.