Julebord
med treretters julemeny, tur/retur Loen Skylift og dans på Alexandra
Ta julebordet på høgfjellet, med lokale delikatesser og klassikarar. Denne førjulstida tilbyr vi julebordspakkar i samarbeid med Hotel Alexandra for firma og grupper på 10 personar eller meir kvar fredag og laurdag frå 21. november til og med 13. desember 2025. Julebordspakken inkluderer treretters julemeny i Hoven Restaurant, tur/retur med Loen Skylift og inngong i Alex Dancing der det er liveband og dansegolv. Og legg gjerne inn ein aktivitet eller to før maten, eller kanskje eit møte.
I menyen kan du velge mellom ulike rettar, som mellom anna pinnekjøtt frå Torheim gard i Oppstryn.
2025: Pakkepris per person: 1590,- som inkluderer
Tur/retur med Loen Skylift
Tretters julemeny i Hoven Restaurant ink. ei flaske vatn samt kaffi/te
Dans med band i Alex Dancing
Desse spelar i Alex Dancing
21. og 22. november: Backflash
28. og 29. november: Backflash
5. og 6. desember: Cozy
12. og 13. desember: Cozy
Siste bane ned er kl 22:30, og siste innslepp i Alex Dancing for julebordsgjestar er kl 23:00.
Forrett
Rakfisktallerken
sylta raudbete, rå lauk, rømme og fiskelefse
Gravlaks
haustsalat med bakte beter, flatbrød frå Røros og sennepssaus
Grava hjorteflatbiff
raudebetesalat og granateple
geitostkrem og solsikkefrø, honning
Hovudrett
Pinnekjøtt frå Torheim Gard
kålrotstappe, raudkål, Nordfjord dampepølse,
mandelpotet og ribbefeitt
Svineribbetallerken
rosenkål med eple, raudkål og mandelpotet,
Nordfjord dampepølse, sjysaus
Posjert torsk
ertepuré, gulrot, sylta perleløk, småpotet,
fiskesaus og baconfeitt
Dessert
Riskrem
bringebærsaus og mandelkjeks
Heimelaga karamellpudding
karamell saus og krem
Brunostkake
marinerte multer, hasselnøttkrønsj
Val av kjøt eller fisk som hovudrett må gjerast ved bestilling (deltakarane kan velge individuelt). Gode vegetar-alternativ på førespurnad. Ved matallergi eller spesialdiett vil vårt kjøkken-team hjelpe deg
MENY JULEBORD
YTE OG NYTE
Vi er behjelpelege med å sy saman eit opplegg som også inkluderer utandørs aktivitetar saman med Loen Active. Ein uhøgtideleg konkurranse, eller ein felles aktivitet som styrker samhaldet. Eller kanskje begge deler? Bli med ut og finn ut om de er fjols til fjells, eller ekte råtassar.
KOMBINERE MED OVERNATTING PÅ HOTEL ALEXANDRA?
Flotte Hotel Alexandra ligg berre 500 meter frå Loen Skylift. I Loen går ingen «på byen», alle er samla under same tak enten på hotellet eller på Hoven. Den viktige sosiale ramma rundt julebordet vert difor godt ivareteken. Hotel Alexandra har eiga bad- og spa avdeling.
Bestilling
Bruk skjemaet på knappen eller ring 57 87 59 00, eller ta kontakt på post@loenskylift.no.
Dersom de heller ynskjer julelunsj eller julemiddag i midtveke kan vi også tilby dette (for grupper over 15 personar).