Loen Shuttle

Lodalen - Loen - Oppheim
4* daglege avgongar 1. juli-13. august.

Loen Skylift ligg i bygda Loen, inst i Nordfjord, i Vestland fylke mellom Ålesund og Bergen. Fjordstasjonen ligg like ved RV 60. Rett ved finn du Hotel Alexandra og Hotel Loenfjord.

Med bil
Loen Skylift ligg rett ved riksveg 60 i Loen. Det er 10 minutt frå Stryn, 2,5 timar frå Ålesund, 4,5 timar frå Bergen, og 6 timar frå Oslo med bil. Parkering ved fjordstasjonen og ved Loen Active. 

Med fly
Dei næraste flyplassane er Hovden og Sandane, som vert operert av Widerøe, med direktefly frå Oslo og Bergen. Merk at Hovden (Ørsta-Volda lufthamn) vil vere stengt i perioden 19. juni-15. juli. Ålesund Lufthavn Vigra ligg 3 timar unna med bil, og har direktefly frå dei største byane i Norge, i tillegg til London, København, Amsterdam og mykje meir. Bergen internasjonale lufthavn ligg 6 timar unna. I samarbeid med Hotel Alexandra tilbyr vi transport frå Hovden, Sandane og Ålesund heile året. 

Klikk for større kart

Med buss
Busstopp i Loen ved Loen Active, 500 meter gange frå Loen Skylift. Lokal ruteopplysning på Skyss.no eller last ned VY sin app for ruteopplysning og billettbestilling for heile landet. 

Dei som kjem med cruisebåt til Olden kan kjøpe utflukt ombord. Dersom dette ikkje eit alternativ kan ein bestille shuttlebuss t/r Olden. For å kome seg rundt i Loen på sommaren kan du følge Loen Shuttle (1. juli-13. august 2023).

Leigebil
Avis, Stryn. Tlf. +47 57 72 50 80. Hertz Stryn. Tlf. 47 419 22 885

Taxi
Stryn Taxi: +47 57 87 23 50. Olden Taxi: +47 950 86 146

Vil du vite meir praktisk informasjon om området sjå nordfjord.no