Ledige stillingar

Loen Skylift er ei av dei brattaste pendelbanene i verda, og løftar folk frå fjorden i Loen til fjellet Hoven (1011 moh) på fem minutt. På toppen ligg Hoven Restaurant med 350 sitjeplassar. Anlegget inngår i ein heilårs naturbasert opplevingsarena tilrettelagt for aktive utforskarar, barnefamiliar og for dei som berre vil nyte utsikta. Loen Skylift og Hoven Restaurant vart opna 20. mai 2017. Loen Active driv med aktivitetar som Via Ferrata Loen, zipline, kajakk, SUP brett, aking etc. Loen Skylift, Hoven Restaurant og Loen Active inngår i Hotel Alexandra konsernet.

Kjøkkensjef Hoven Restaurant As

Hoven Restaurant opna i samband med opninga av Loen Skylift i 2017 og er eigd av Hotel Alexandra. Restauranten ligg 1011 meter over havet og har om lag 350 sitjeplassar fordelt på to avdelingar, i tillegg til to store vestvendte uteterrassar og ei takterrasse på 1010 m². Vi serverer lunsj- og middagsrettar med fokus på lokale råvarer. Gjennom året er det også mange ulike arrangement på huset.

Er du ein ambisiøs kjøkkensjef med lidenskap for mat, leiarskap og natur? Høgt oppe, heilt ute på kanten av fjellet – 1011 meter over havet – finn du spektakulære Hoven Restaurant. Her kombinerer vi gode råvarer med storslått utsikt over Loen og fjordlandskapet. No ser vi etter ein erfaren kjøkkensjef som vil ta ansvar for vidare utvikling av matopplevinga på toppen. Dette er ei unik moglegheit for deg som vil bruke fagkunnskap, leiarskap og kreativitet i ei av Norges mest spektakulære restaurantar.

Oppstart: 15. september 2025
Type tilsetjing: Fast, heltid 100%
Arbeidstid: Skiftordning – dag, kveld og helg
Arbeidsspråk: Norsk/skandinavisk og/eller engelsk

Kva vi ser etter

  • Fagbrev som kokk

  • Dokumentert erfaring som kjøkkensjef eller soussjef

  • Erfaring med personalansvar og drift

  • Kjennskap til IK-mat, HMS og økonomistyring

  • Gode samarbeidsevner og tydeleg kommunikasjon

  • Strukturert, effektiv og med høg gjennomføringsevne

  • God digital kompetanse og erfaring med relevante IT-verktøy

Må kunne kommunisere godt på norsk/skandinavisk og/eller engelsk, både munnleg og skriftleg

Arbeidsoppgåver

Som kjøkkensjef har du det overordna ansvaret for kjøkkenet. Dette omfattar blant anna:

  • Personal- og leiingsansvar for kjøkkenet

  • Utvikling av menyar og konsept i tråd med sesong og lokale råvarer

  • Planlegging og gjennomføring av arrangement og selskap

  • Oppfølging av IK-mat og HMS-rutinar

  • Varebestilling, lagerstyring og kostnadskontroll

  • Kvalitetssikring av matproduksjon og service

  • Bidra til eit godt og motiverande arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein unik arbeidsplass i spektakulære omgjevnader

  • Eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø

  • Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • Tett samarbeid med eigar Hotel Alexandra, som har lange tradisjonar innan reiseliv og matopplevingar

Kontaktperson for stillinga: Thomas Kampf, F&B Manager, jobb@alexandra.no

Søknad sendast til jobb@alexandra.no

Dersom du vil sende oss ein open søknad kan du sende denne til post@loenskylift.no