BB20180313_LoenSkylift_DSC04829.jpg
BB20180313_LoenSkylift_DSC03029.jpg
BB20180313_LoenSkylift_DSC05116.jpg
BB20180313_LoenSkylift_DSC04829.jpg

Vinter


SCROLL DOWN

Vinter


Til Hoven kjem du deg heile året, og på vinterstid kan du boltre deg på ski, truger eller på kjelke i dei preparerte akebakkane. Toppturentusiastane sparar 1000 høgdemeter og kan starte på høgfjellet med friske bein. Litt utpå vinteren lagar vi langrennspor i fjella rundt Hoven. Etter turen fristar spektakulære Hoven Restaurant med høgfjellsmat og drikke. 

Aking

Langrenn

Topptur

Trugetur

BB20180313_LoenSkylift_DSC03029.jpg

Aking og vinterpark


Aking og vinterpark


BB20180313_LoenSkylift_DSC03061.jpg

Leig kjelke på Hoven

Ha det moro med kjelke på Hoven - ein aktivitet for heile familien! Loen Aktiv leiger ut kjelkar inkl. hjelm.

Når snøen er komen på Hoven lagar vi fine preparerte bakkar for aking, både for born og vaksne. Du kan leige to ulike typar kjelkar i fjellstasjonen på Hoven, eller ta med eige akebrett/kjelke. Sesongen varer vanlegvis frå desember til april.

Etter å ha vore ute i snøen kan du nyte utsikta frå Hoven Restaurant med noko å drikke eller å bite i, før returen til låglandet med Loen Skylift.

Sjå oppdatert status på parken her. 

Bruk av anleggsveg/preparerte spor til Oppheim
Bruk av anleggsveg til Oppheim skjer på eige ansvar. 


UTSTYR VED AKING
- Hjelm er påbudt ved aking i action-bakken, og i bratt terreng.
- Snøbriller er anbefalt ved aking
- Slalomstøvler er forbode ved aking.
 

FORHOLDSREGLAR VED AKING
- Aking inneber ei viss fare. 
- Den som kjem bakfrå har vikeplikt
- Følg skilting, merking og anvisninger
- Sørg for kontroll over kjelken til ei kvar tid
- Finn ut korleis ein bremser og styrer
- Risiko for skade aukar med farten
- Kappkøyring ved fellesstart aukar risikoen for skade
- Stopp aldri opp i nedfarten
- Ved velt, gå raskt ut til sida
- Køyr kun ein og ein person på kjelken, utanom i følge med små born.

BB20180313_LoenSkylift_DSC05116.jpg

Langrenn


Langrenn


Klikk for å forstørre kartet.

Frå toppen av Loen Skylift vil det etterkvart bli ca 10-15 km med preparerte tur- og langrennsløyper. Utsikta er i verdsklasse, med fjord, fjell og bre i skjønn forening. 

Forholda og lengde på løypene vil variere etter snømengde og ver. Etter turen er du velkomen til Hoven Restaurant for mat og forfriskningar, før returen til låglandet med Loen Skylift. Hugs eige langrennsutstyr, varme og vind/vanntette klede, lue, hanskar. Kurs/instruktør kan skaffast på førespurnad. 

Sjå siste status her.

 

Trugetur


Trugetur


Truger er ein flott måte å oppleve vinterlandskapet på, på ein måte som alle greier. Loen Active tilbyr guida trugeturar med utgangspunkt frå Hoven og Loen Skylift. Her kan du oppleve fantastisk utsikt til fjord og fjell medan du vandrar i eit snødekt landskap. Der er mange moglege ruter og våre erfarne guider vil tilpasse turen til vêret og nivået på deltakarane. Etter turen kan du kose deg i Hoven Restaurant - kanskje med ein kopp varm kakao, og eit godt måltid. 

Dersom du vil gå på eiga hand kan du leige truger hos Loen Active.

 
BB20170304_LoenSkylift_DSC06916.jpg

Pakke: Guida trugetur på Hoven

Ein passe lang tur med truger på beina, tilpassa etter gruppa sine ynskjer. Varm drikke i Hoven Restaurant etter turen.

Topptur


Topptur


Med Loen Skylift kjem du 1011 høgdemeter opp, og kan då starte skituren med friske og opplagde bein. Eit fantastisk fjellandskap opnar seg opp frå Hoven, og du har mange moglege toppar å velge i, og enda fleire nedkøyringar. Hugs at all ferdsel er på eige ansvar, og pass på at du har naudsynt kompetanse for sikker ferdsel i fjellet, eller ta med ein kyndig guide. Sjekk snøskredvarselet før du legg ut på tur, og les deg opp på sikkerhetstips for norske fjell

Guida topptur med Breogfjell IFMGA tindevegledere

Loen Active tilbyr guida toppturar frå Loen Skylift i samarbeid med Breogfjell og andre guidefirma, og under presenterer vi alternativ av ulik vanskegrad og lengde.

Kort tur
Frå toppstasjonen går du 150 høgdemeter til Skredfjellet. Herifrå kan ein velge ulike nedkøyringar frå mellom 300 til 1000 meter avhengig av snø- og værforhold, og ferdighetsnivå. 

Medium til lang tur
Frå toppstasjonen må ein først gå 400 høgdemeter til Staurinibba. Denne toppen byr på 600 høgdemeter nedkøyring med fjordutsikt til Lohøgsætra. Frå denne stølen kan ein enten gå opp igjen til Hoven, og halde fram nedkøyringa til Loen, eller gå for ei ny bestigning av Sundshyrna, Dispahyrna eller Geitafjellshyrna. Desse toppane byr på opptil 1600 høgdemeter nedkøyring til Strynedalen (motsatt side av Loen), og på slutten av dagen vil du ha stått over 2000 meter ned på ski og kun gått opp 1400.

Lang til meget lang tur
Det første alternativet startar ved å bruke heisane til Stryn Vinterski opp til 1000 m.o.h. Herifrå går vi vidare opp til Natakupa (400 høgdemeter) før vi køyre ned opptil 1300 høgdemeter til dalen. Etter lunch på ein av dei koselege kafeane i Stryn sentrum tek vi taxi til Loen Skylift og velger oss eit av alternativa som er beskrevet over. Dersom snøforholda ligg til rette kan vi få opp til 3300 meter nedkøyring denne dagen.

Det andre alternativet byr på den spektakulære Hoven – Storskredfjellet traversen. Har du køyrt ned frå Strynefjellet har du garantert lagt merke til den slåande vakre fjelltoppen med den diamantforma breen som tronar over Oppstryn den toppen er Storskredfjellet og Breogfjell kan ta deg med på ski ned den breen. Turen byr på fleire valg. Det kortaste krever 1400 høgdemeter oppstigning og gjev 2100 meter nedkøyring. Det er også muligheter for å legge inn fleire kortare nedkøyringar og oppstigningar i fleire av dalane og rennene ein passerer på traversen mot Storskredfjellet. 

Prisar på førespurnad. Kontakt Loen Active for tilbod

Ynskjer du å gå på eiga hand?

Med Loen Skylift kjem du 1011 høgdemeter opp, og kan då starte skituren med friske og opplagde bein. Eit fantastisk fjellandskap opnar seg opp frå Hoven, og du har mange moglege toppar å velge i, og enda fleire nedkøyringar. Hugs at all ferdsel er på eige ansvar, og pass på at du har naudsynt kompetanse for sikker ferdsel i fjellet, eller ta med ein kyndig guide. Sjekk snøskredvarselet før du legg ut på tur, og les deg opp på sikkerhetstips for norske fjell

Kart over området kan kjøpast her.

 Kart over området. MERK: Dette er eit kart over vandrestiar om sommaren.

Kart over området. MERK: Dette er eit kart over vandrestiar om sommaren.