Topptur
Med Loen Skylift kan du starte turen frå 1011 meter over fjordnivå med friske og opplagde bein. Eit fantastisk fjellandskap opnar seg frå Hoven, og eit flott utgangspunkt for spektakulære toppturar og nedkøyringar. Vi anbefalar å bruke ein kvalifisert guide på tur. Breogfjell AS har lokalkjende tindevegleiarar med internasjonal sertifisering (IFMGA) og nasjonalt sertifiserte skivegleiarar (NORTIND). Dei tilbyr guida turar frå Loen Skylift.. Dersom du planlegg tur på eiga hand er det avgjerande at du har den naudsynte kompetansen for trygg ferdsel i vinterfjellet. Sjekk snøskredvarselet før du legg ut på tur, og bruk skredutstyr. Her finn du generell info om tryggleik i norske fjell.
Guida topptur med Breogfjell IFMGA tindevegledere
Breogfjell og andre guidefirma tilbyr guida toppturar frå Loen Skylift, og under presenterer vi alternativ av ulik vanskegrad og lengde.
Kort tur (enkel)
Frå toppstasjonen går vi 150 høgdemeter til Skredfjellet. Herifrå kan vi velje mellom ulike nedkøyringar frå mellom 300 til 1000 høgdemeter, avhengig av snø- og værforhold. Denne turen kan tilpassast varierande ferdigheitsnivå.
Medium til lang tur
Frå toppstasjonen går vi først 400 høgdemeter opp til Staurinibba. Eit spektakulært landskap åpnar seg med eit eldorado av moglegheiter. Herifrå finnst turmoglegheiter i alle himmelretningar, med både korte og lange nedkøyringar. Vi kan ende opp anten i Stryn, Oppstryn, ved Tjugen i Loen, eller at vi tar oss tilbake for retur med Loen Skylift når snøgrensa ligg høgt i terrenget.
Lang til meget lang tur
Dersom forholda ligg til rette for det, og alle i gruppa har gode ferdigheiter, kan det være mogleg å gjere den spektakulære Strynetraversen (Hoven - Storskredfjellet). Har du kjørt ned fra Strynefjellet har du garantert lagt merke til den slåande vakre fjelltoppen med den diamantforma breen som tronar over Oppstryn, Storskredfjellet (1814 moh.). Turen byr på fleire alternativ. Det kortaste alternativet krev 1400 høgdemeter oppstigning og gjev 2100 høgdemeter nedkjøring. Det er òg mogleg å leggje inn fleire kortere nedkøyringar og oppstigingar i flere av dalene og renneformasjonane ein passerer på traversen mot Storskredfjellet.
Kontakt Breogfjell for prisar. Breogfjell kan også tilby fleirdagers opplegg med overnatting på Hotel Alexandra.
Kart over området kan kjøpast her.
Opne kartet i Norgeskart eller i Google Earth