Opningstider og prisar

Norges lettaste topptur

OPNINGSTIDER

Loen Skylift går kontinuerleg i opningstida, med avgong minimum kvar halvtime. Billettane er ikkje knytt opp mot tidsbestemte avgongar, så billetten er fleksibel på når du ynskjer å ta bana opp eller ned.
Planlegg du å ete i restauranten? Bestill bord her.

Søndag 25. oktober: På grunn av sterk vind held Loen Skylift og Hoven Restaurant stengt i dag.

3. november: Loen Skylift, Hoven Bar og Skyshop held ekstra ope kl 10-17. Siste bane ned kl 17:30.

1.-9. desember: Loen Skylift held stengt på grunn av vedlikehald.

PRISAR VINTER
12. oktober 2026 - 30. april 2027

Billettar for vintersesong er tilgjengeleg frå 12. oktober 2026 til og med 30. april 2027.
Billettar for sommarsesong er tilgjengeleg frå 1. mai 2027

Merk følgande:

  • Kjøpte billettar vert ikkje refundert.

  • Du kan kjøpe billettar i webshop, på automat og i skranken i Fjordshop. NB: Gruppebillettar (familiebillettar, klippekort) og sesongkort kan kun kjøpast i billettkontor i Fjordshop. Billettane er ikkje knytt opp mot tidsbestemte avgongar, så billetten er fleksibel på når du ynskjer å ta bana opp eller ned. Gyldighetsdato står på billetten (sesongstyrt).

  • Born frå 5 år og yngre får gratisbillett på bana. Barnevogner kan takast med uten ekstra kostnad.

  • * Familiebillett gjeld for 2 vaksne + 2 born (6-15 år). Ekstra born kan leggast til, sjå prisliste.

  • Årskort er gyldig 365 dagar frå kjøpsdato, og kan kun kjøpast på billettkontoret i Fjordshop. NB: Personleg oppmøte er naudsynt sidan vi tek bilete av personane som skal leggast inn på kortet. Bur du i Stryn kommune? Då kan du kjøpe lokalkortet til ekstra rabattert pris. Årskort er personlege og kan kun nyttast av kortinnehavar. Utlån av personlege kort medfører at kortet blir sperra.

  • **Årskort familie gjeld for 2 vaksne + deira born (6-15 år). Familieårskort gjeld kun medlemmar av næraste familie (t.d mor, far og born). Familieårskort kan inkludere ungdom i familien frå 16-25 år mot eit tillegg på NOK 1080 per ungdom. Bur du i Stryn kommune? Då kan du kjøpe lokalkortet til ekstra rabattert pris.NB: Personleg oppmøte er naudsynt sidan vi tek bilete av personane som skal leggast inn på årskortet. Årskort er personlege og kan kun nyttast av kortinnehavar. Alle som er registrert i Årskort familie får sitt eige kort. Par som er gift eller sambuarar (utan barn) kan også kjøpe årskort til familiepris.

  • Ambassadørkort gjev rett til å kjøpe tur/retur, envegs og dagspass (1-3 dagar) til 50% (ikkje sesongkort eller gruppekort etc). Kortet er kun til eige personleg bruk. Gyldighetstid: Eitt år frå kjøpsdato. Du må kjøpe keycard og billett i tillegg ved kjøp av ambassadørkort.

  • Dags-, todagers- og tredagerspass er personlege og kan kun nyttast av kortinnehavar. Med dagspass kan ein reise opp og ned med Loen Skylift så mange gongar ein ynskjer i løpet av dagen. Det er kun gyldig den dagen det er aktivert. Todagers og tredagerspass gjeld kun påfølgande dagar.

  • Gjesten må ha gyldig billett/kort for å kunne gå om bord på Loen Skylift. Strek/QR kode på billett vert lest i adgangsporten før ombordstigning. Ved misbruk blir ein fråtatt billett/dagskort/sesongkort/årskort, ilagt gebyr og blir bortvist frå Loen Skylift sitt område.

  • Loen Skylift refunderer ikkje billettar grunna vêr eller andre forhold som tilseier at det vil vere uforsvarleg å opne pendelbana.

  • Ledsager med norsk ledsagerbevis får følge bane utan kostnad. Person med ledsager må kjøpe ordinær billett i billettluka, og får samstundes billett til ledsager.

  • Alle prisar er inkl. mva.

  • For generelle kjøpsvilkår sjå dette dokumentet: Norsk | English

Fakta om Loen Skylift

  • Det er plass til 35 passasjerar i kvar vogn (2 stk).

  • Turen tek 5-7 minutt kvar veg.

  • Avgong minimum kvar heile og halve time, men oftare ved stor pågong.

  • Billettar kan kjøpast på nett, i billettluke i Fjordshop og på automat i Fjordshop, fjordstasjon og på toppstasjonen.

  • Loen Skylift og tilhøyrande bygg er universelt utforma. Dette vil seie at heile anlegget også er tilpassa dei med nedsett fysisk funksjonsevne.

  • Loen Skylift er ei pendelbane, der teknologien er basert på vektutligning med to store vogner, der den eine går opp medan den andre går ned.

  • Leverandør er sveitsisk-østerrikske Doppelmayr Garaventa, den største leverandøren i verda på taubaner.

Foto: Andris Potass

Foto: Andris Potass