TEAMBUILDING, KONFERANSAR OG PRIVATE ARRANGEMENT
TEAMBUILDING, KONFERANSAR OG PRIVATE ARRANGEMENT
Gjer ein spektakulær vri på arrangementet ditt, og ta med vennegjengen, storfamilien, kollegaer eller kundar på Hoven, 1011 meter over fjorden. For grupper på minimum 10 personar tilbyr vi gode pakkar med Loen Skylift, aktivitetar og servering. Loen Skylift og Hoven Restaurant er ope for grupper på miniumum 20 utanom ordinære opningstider.
ELLER EKTE RÅTASSAR?
ELLER EKTE RÅTASSAR?
Fjelluft gjer noko med deg. Perspektivet blir større, i dobbel forstand, med utsikt over mektige fjell og fjorden som buktar seg langt der nede. Ein perfekt arena for å bli betre kjent, både med kollegaer men også seg sjølv. Loen Active kjenner fjella her, og har mange års erfaring med å rettleie under aktivitetar, og sørge for ei god oppleving for samtlege deltakarar, uansett form og interesse. Etter uteaktivitetane samlast vi rundt eit måltid mat - høgt og fritt, godt og varmt.
Vi deler dykk inn i lag, og gjennomfører aktivitetane som ein uhøgtideleg konkurranse eller leik. Instruktørar frå Loen Active er tilstades under heile gjennomføringa. Vi kan gjennomføre dette som halvdags- eller heildagsopplegg. Opplegget kan delast i to delar, med innlagt lunsjpause. Velg aktivitetar som passar di gruppe frå menyen vår. Andre aktivitetar på førespurnad. Vi kan også lage ein totalpakke som inkluderer overnatting på Hotel Alexandra eller Hotel Loenfjord.
Utsikt frå Hoven. Foto: Maarten Verstraete
Velg mellom følgjande aktivitetar:
Akekonkurranse
Tidenes kamprop
Snøballblink
Trugeløp / stafett
Skattejakt med skredsøker
Snøbandy
Ishockey (Loen)
Bygging av snøskulpturar
Pannekake-race over elden
Sagekonkurranse
Spikerslag
Hjernetrim: Former og fargar
Velg mellom følgjande aktivitetar:
Sleipner Challenge: Hesteskokasting
Vardequiz: Vandretur med innlagde postar med spørsmål.
Forsete si øks: Øksekasting
Hoven memo: Hugs bileta og gjenskap på kortast mogleg tid.
Tautrekking
Rett til himmels: Kven bygger det høgste tårnet?
Tidenes kamprop
Sagekonkurranse
Spikerslag
Skattejakt med skredsøker
Melkespannholding
Hjernetrim: Former og fargar
Via Ferrata Loen (merk: full dag)
Zip line (frå 2019)
Aktivitetane kan gjennomførast som ein konkurranse eller som uhøgtideleg leik. Prisar på førespurnad (minimum 550,- pr person). Tur/retur med Loen Skylift og eventuell servering på Hoven Restaurant kjem i tillegg. Ta kontakt for pristilbod.
Hoven Restaurant tilbyr a la carte meny og eigne gruppemenyar. Saman kan vi kome fram til eigne konsept, spesielt utvikla for di bedrift eller gruppe. Kanskje dykk vil ha matserveringa utandørs? PS: Mesteparten av våre råvararer er lokale.
Hotel Alexandra ligg rett ved Loen Skylift, og er har gode og moderne fasilitetar for møter i alle storleikar. I Loen går ingen "på byen", alle er samla under same tak enten på hotellet eller på Hoven. Den viktige sosiale ramma rundt samlinga vert difor godt ivareteken. Hotel Alexandra har tre møteavdelingar med til saman 1500 m2 kongress-areal. Dei ulike møteavdelingane er fleksible og kan lett tilpassast ulik bruk og deltakarantal. For mindre grupper fins 17 spesialinnreidde grupperom. Eigen kursvert. Fritt breiband i heile hotellet.
Kontakt Loen Active - tel. 57 87 58 00 eller post@loenactive.no
Skal du feire noko, og leitar etter ei heilt spesiell ramme rundt markeringa? Hoven Restaurant er staden. Saman med deg kan vi setje saman ein eigen meny, og tilpasse arrangementet til dine ynskje. Det er også mogleg å bruke restauranten utanfor ordinær opningstid for grupper over 20 personar.
Kontakt oss, så finn vi saman fram til det rette opplegget for dykk.