Zipline Loen

På toppen av Hoven 1011 meter over fjorden får du vind i håret. Til saman er Ziplinene 220 meter lange (125 + 95 meter). Her flyr du over øverste del av jølet, med utsikt ned mot Gjølmunnebrua i Via Ferrata Loen. Ziplinene ligg berre 5 min gange nordaust frå toppstasjonen til Loen Skylift, og er lokalisert ved stien frå Via Ferrata Loen. Mange bruker også Ziplinene som avslutning etter via ferrata turen. Ziplinene har start og avslutning på Hoven.

Sesong: Juni - oktober

Opningstider 2027

Kvar laurdag frå 5. juni til 9. oktober: kl 13-18
Dagleg frå 19. juni til 14. august: kl 13-18 (tysdag ope kl 10-18)
Open på utvalde datoar: 1. 8. og 15. juni, 17. 23. 24. 25. 30. og 31. august, 1. 8. 9. 13. 15. 20. 22. 27 og 29. september: kl 10-15
*Det kan bli endringar. Sjå bookingkalender på online bestilling for oppdatert informasjon.

Du kan enten bestille online eller kjøpe billett i Fjellbutikken i 2. etg på Loen Skylift Fjellstasjon. Grupper over 15 personar kan bestille utanom ordinære opningstider.

Prisar

Zipline: NOK 700. Kan kjøpast i Fjellbutikken i 2. etg i fjellstasjonen til Loen Skylift eller online. Tillegg for Loen Skylift billett.


FAKTA

  • Min/maks.: Min 30 kg, og maks 120 kg pr deltakar

  • Kapasitet: Ca 50 gjester pr time

  • Normal fysisk form

  • Vanskegrad: Enkel (men luftig)

BESTILLING / KONTAKT

Bestill online eller kjøp billett i Fjellbutikken i 2. etg på fjellstasjon (Loen Skylift). Grupper på over 15 personar kan bestille utanom dei ordinære opningstidene.

Spørsmål? Kontakt Loen Active, tel +47 57 87 58 00, eller post@loenactive.no

LOKALISERING ZIPLINER