Via Ferrata Loen er ein nybygd klatresti rett bak Hotel Alexandra. Klatrestien tek deg til toppen av Hoven på 1011 moh, med eit fenomenalt utsyn mot Lodalen, Oldedalen, rett ned til Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. Som ein del av ruta kan du krysse Gjølmunnebrua, den lengste i Via Ferrata brua i Europa. Den ligg 750 meter over havet, er 120 meter lang og går over det 160 meter djupe jølet. Turen vil definitivt gje deg sommarfuglar i magen. Om du er klar for ei ekte utfordring kan du klatre den nye ekstremruta - den tøffaste via ferrata ruta i Norge.

Via Ferrata Loen opnar for sesongen 1. mai 2019.

ViaFerrata61_Loen_9500_2500.jpg

Via ferrata Loen inkl. Loen Skylift

Ein erfaren guide tek deg med i Via Ferrata Loen til 1011 m.o.h. Så tek vi enklaste veg ned - med Loen Skylift. Sikringsutstyr er inkludert. Turen kan kombinerast med lunch eller middag i Hoven Restaurant. 

Pris 2019: Frå 1.345,-

image4_2000.jpg

Ragnarok Extreme inkl. Loen Skylift

Våren 2019 opnar Norges tøffaste via ferrata rute i Loen. Den har vanskegrad F, og med dette har Loen fått ei av dei mest komplette via ferrata anlegga i Europa. Det nye ruta går vest for den klassiske, og er vedvarande bratt heile vegen. Å klatre her krev god styrke og utholdenhet, og dei som skal gå den bør ha klatra grad E tidlegare. Aldersgrense på F-ruta er 14 år, i følge med ein vaksen. Dei som er usikre på om dei meistrar denne ruta kan gå den klassiske ruta, og teste seg i den alternative sløyfa gjennom “Tors hammar” - ei kort sløyfe i kategori E. Klikk her for fotogalleri.

Pris 2019: 1.990,-

35459221_1554303691365601_5760520883126927360_n2.jpg

KJEM SNART: Via Ferrata Loen, Zipline og Loen Skylift

Bli med ein av Loen Active sine erfarne guidar opp fjellveggen og kryss Gjølmunna i zipline (nytt i 2019) når du når toppen. Deretter returnerer du til fjordnivå på enkelt vis med Loen Skylift. Hjelm og sele inkludert. Klatringen kan kombinerast med lunsj eller middag i Hoven Restaurant.

Pris 2019: Frå 1785,-

BESTILL

Loen Active  |  post@loenactive.no  |  57 87 58 00  |  loenactive.no