Våren 2019 opna Norges tøffaste via ferrata rute i Loen. Den har vanskegrad F, og med dette har Loen fått ei av dei mest komplette via ferrata anlegga i Europa. Det nye ruta går vest for den klassiske, og er vedvarande bratt heile vegen. Å klatre her krev svært god styrke og utholdenhet, og dei som skal gå den bør ha klatra grad E tidlegare. Dei som er usikre på om dei meistrar denne ruta kan gå den klassiske ruta, og teste seg rute 3 “Tors hammar” - ei kort sløyfe i kategori D/E.


Guida tur: Ragnarok Extreme inkl. Loen Skylift

Guida tur i Ragnarok med Loen Active. Turen startar på grusveg og sti til 435 m.o.h. der vi festar oss i wiren i ruta. Klatringa går etter kort tid inn i overheng der det trengs svært gode klatreferdigheter. Turen er vedvarande bratt heile vegen. Fleire kan gå saman, men maks 3 personar per guide. Turen inkluderer guide, hjelm, klatresele med via ferrata slynge (og kvileslynge) og returbillett med Loen Skylift.

Pris 2019: 1.990,-


DSCF2225_1500.jpg

Viktig om tryggleik

  • Loen Active anbefaler at du gjennomfører Tors Hammar (rute 3, kort kategori E-sløyfe) øvst i Via Ferrata Loen to gongar etter kvarandre før du vurderer å gå Ragnarok. Klarting i Ragnarok kan samanliknast med lang klatrerute på klippe i grad 6 (det er kanskje berre knapt 1 % av våre via ferrata gjester som klarar å gjennomføre Ragnarok).

  • Du skal ha ei tredje via ferrata slynge (kvileslynge) for å gjennomføre ruta.

  • Gode via ferrata sko er naudsynt for å gjennomføre Ragnarok. Dette kan kjøpast eller leigast hos Loen Active.

  • Bruk gummierte hanskar. Kan kjøpast hos Loen Active.

  • Hugs nok drikke og mat med deg. Vatn er ikkje tilgjengeleg i klatreruta.

  • Aldersgrense på F-ruta er 14 år, i følge med ein vaksen.

  • Det er to retrettmoglegheiter til Via Ferrata classic i løpet av turen.


Bekriving av vanskegradene

E = EKSTREMT VANSKELEG
Vertikalt og ofte overhengande terreng. Ei konstant mental, teknisk og fysisk utfordring. Små og få naturlege fotfeste og handtak. Jernbøylar er berre montert der det absolutt er naudsynt. På seksjonar der maksimal fysisk styrke er naudsynt, kan berre eitt til to forsøk vere mogleg. Krev topp fysisk form og erfaring. Kun for spesialistar! Bruk av tryggleiksutstyr er standard. Anbefalt tilleggsutstyr: Via Ferrata-slynge med og to uttrekkbare armar, og ein tredje arm som er praktisk ved traversering eller pause.

F = EKSTREMT VANSKELEG +
Overhengande fjellparti, utan ståltrinn eller gode naturlege trinn å stå på. Krev ekstremt god fysisk styrke og uthaldenheit. Denne ruta krev erfaring frå grad E. Anbefalt tilleggsutstyr: Via Ferrata-slynge med og to uttrekkbare armar, og ein tredje arm som er praktisk ved traversering eller pause.

Ein ekstra + / - på graderinga aukar eller minskar vanskegrada.


Har du tenkt å gå på eiga hand?

Ragnarok er kun for erfarne via ferrata klatrarar med svært god styrke. Forhøyr deg med Loen Active om Ragnarok, vi ønskjer ikkje at nokon går seg fast. Hugs at du heile vegen må du kunne komme deg ned igjen dersom du går deg fast.

VIA FERRATA LOEN - ALLE RUTER

Klikk på illustrasjonen for å forstørre

ViaFerrataLoenMap+2019_2500.jpg

Galleri