høgare perspektiv
- betre beslutningar

1011 meter over kvardagen

Ta bedrifta til nye høgder – bokstaveleg tala. På toppen av Loen Skylift, 1011 meter over fjorden, finn du ein unik arena for inspirerande møte, samlingar og strategisamlingar.

Her får de ro, perspektiv og ei utsikt som løftar både blikket og tankane. Gjennom store panoramavindauge ligg fjord, bre og bratte fjell som eit storslått bakteppe for gode samtalar, kreative idéar og viktige beslutningar.

Det nye møterommet er moderne utstyrt med alt de treng for effektive møte inkludert teknisk tilrettelegging for presentasjonar og digitale løysingar. Rommet har plass til inntil 25 personar.

Tilkomsten er enkel og spektakulær: Loen Skylift tek dykk raskt og komfortabelt frå fjord til fjell, og gjer sjølve reisa til ein del av opplevinga.

Kombiner gjerne møtet med servering i Hoven Restaurant, teambuilding eller ein pust i bakken på terrassen.

KURS- OG KONFERANSEPAKKE

  • Leige av fullt utstyrt møtelokale tilpassa gruppa sin storleik

  • Kaffi, te og vatn med/utan kolsyre

  • Konferansemateriell (papir og pennar).

  • To-retters lunsj i Hoven Restaurant

  • Mulighet for tilvalg til bevertning

Dagmøtepris frå 950,- p.p.* Rabattert banebillett kjem i tillegg.

*Frå-pris ved minimum 10 personar. Dersom dei er færre vil minimumsprisen uansett vere kr 9500,-

Middag etterpå i Hoven Restaurant og teambuildingsaktivitetar hos Loen Active kan leggast til.

LEIGE AV MØTEROM

  • Leige av fullt utstyrt møtelokale tilpassa gruppa sin storleik

  • Kaffi, te og vatn med/utan kolsyre

  • Konferansemateriell (papir og pennar)

Leige av møterom frå: Inntil 10 personar. 8.000,- pr dag, frå 11-20 personar 12.000,- pr dag. Rabatterte banebillettar kjem i tillegg.

Middag etterpå i Hoven Restaurant og teambuildingsaktivitetar hos Loen Active kan leggast til.

BESTILLING OG FØRESPURNADER

Enten det er eit møte med utsikt høgt over kvardagen, eit bedriftsevent eller eit stort arrangement i eksklusive omgjevnader – vi hjelper deg gjerne med å planlegge og gjennomføre arrangementet ditt på Hoven. Vi ser fram til å høyre frå deg!

post@loenskylift.no | Tlf. 57875900

Du kan også fylle ut skjema under.

Send førespurnad