TEAMBUILDING OG GRUPPEAKTIVITETAR

Fjelluft gjer noko med deg. Perspektivet blir større, i dobbel forstand, med utsikt over mektige fjell og fjorden som buktar seg langt der nede. Ein perfekt arena for å bli betre kjent, både med kollegaer men også seg sjølv. Loen Active kjenner fjella her, og har mange års erfaring med å rettleie under aktivitetar, og sørge for ei god oppleving for samtlege deltakarar, uansett form og interesse. Etter uteaktivitetane samlast vi rundt eit måltid mat - høgt og fritt, godt og varmt.

Vi deler dykk inn i lag, og gjennomfører aktivitetane som ein uhøgtideleg konkurranse eller leik. Instruktørar frå Loen Active er tilstades under heile gjennomføringa. Vi kan gjennomføre dette på eit par tre timar, eller som halvdagsopplegg. Opplegget kan kombinerast med lunsj på Hoven Restaurant. Velg aktivitetar som passar di gruppe frå menyen vår. Andre aktivitetar på førespurnad. 

Utsikt frå Hoven. Foto: Maarten Verstraete

Utsikt frå Hoven. Foto: Maarten Verstraete

VINTERHALVÅRET

Velg mellom følgjande aktivitetar :

  • Akekonkurranse

  • Trugetur

  • Øksekast

  • Ringspel

  • Hoven memo

  • Sagekonkurranse

  • Spikerslag

  • Snøsafari og vardequiz

  • Tautrekking

  • Tårnbygging. Kven bygger det høgaste tårnet?

  • Hestesko

  • Puslespel med treklossar, med moglegheit for å springe til fasit og sjekke undervegs! Eit lite, eit medium og eit stort puslespel

SOMMARHALVÅRET

Velg mellom følgjande aktivitetar :

  • Sleipner Challenge: Hesteskokasting

  • Vardequiz: Vandretur med innlagde postar med spørsmål.

  • Forsete si øks: Øksekasting

  • Hoven memo: Hugs bileta og gjenskap på kortast mogleg tid

  • Tautrekking

  • Tårnbygging. Kven bygger det høgste tårnet?

  • Sagekonkurranse

  • Spikerslag

  • Ringspel

  • Puslespel med treklossar, med moglegheit for å springe til fasit og sjekke undervegs! Eit lite, eit medium og eit stort puslespel

  • Zip line (tillegg i pris)


    Aktivitetane kan gjennomførast som ein konkurranse eller som ein uhøgtideleg leik.
    Minimum antal deltakarar: 16
    Maksimum antal deltakarar: 120
    Prisar på førespurnad (frå kr 610,- pr person for fire aktivitetar).
    Tur/retur med Loen Skylift og eventuell servering på Hoven Restaurant kjem i tillegg.
    Nyheit: Loen Active tilbyr utleige av vinterfora dressar og vintersko. Ta kontakt for totalt pristilbod.


HOVEN RESTAURANT

Hoven Restaurant tilbyr a la carte meny og eigne gruppemenyar. Saman kan vi kome fram til eigne konsept, spesielt utvikla for di bedrift eller gruppe. Kanskje dykk vil ha matserveringa utandørs? PS: Mesteparten av våre råvararer er lokale.

Staden for gode møte

OVERNATTING OG MØTEFASILITETAR

Hotel Alexandra ligg rett ved Loen Skylift, og er har gode og moderne fasilitetar for møter i alle storleikar. I Loen går ingen "på byen", alle er samla under same tak enten på hotellet eller på Hoven. Den viktige sosiale ramma rundt samlinga vert difor godt ivareteken. Hotel Alexandra har tre møteavdelingar med til saman 1500 m2 kongress-areal. Dei ulike møteavdelingane er fleksible og kan lett tilpassast ulik bruk og deltakarantal. For mindre grupper fins 17 spesialinnreidde grupperom. Eigen kursvert.  Les meir om tilboda for møter og konferansar her.

VIL DU VITE MEIR, OG FÅ EIT TILBOD?

Kontakt Loen Active - tel. 57 87 58 00 eller post@loenactive.no.