Ta dine konferansar, møter eller incentive-turar til nye høgder i Loen - på det vakre Vestlandet. Teamet som møter deg i Loen har lang erfaring i å arrangere events og konferansar, og tilbyr ei stor breidde i aktivitetar, underhaldning og utflukter – med eit spektakulært bakteppe av fjord, fjell og isbrear. Dei mange moglegeitene gjer at du alltid vil finne noko som passar dine mål for arrangementet.

Loen er ei bygd inst i Nordfjord, under den store Jostedalsbreen. Dette er den perfekte staden for å utforske fjella og den lokale kulturen på dagtid, medan kvelden kan nyttast til velvære og hygge. Vi serverer lokal mat av ypperste klasse - servert i eit flott selskapslokale, til fjells, på vatnet eller kanskje ved eit brevatn? Basen er historiske og velrennomerte Hotel Alexandra. Vi held ope heile året.

AKTIVITETAR OG UTFLUKTER ÅRET RUNDT

Ta med gjestane til hjarte av dei norske fjordane, og gje dei ei oppleving for livet.

Eit utval av aktivitetar og utflukter tilgjengeleg frå Loen:

  • Loen Skylift med spektakulær utsikt og Hoven Restaurant

  • Spa og symjebasseng

  • Fotturar, kajakkpadling og sykling

  • Aking, trugeturar og vandring om vinteren

  • Via Ferrata og Zip Line

  • Briksdalsbreen og Jostedalsbreen nasjonalpark

  • Geirangerfjorden (UNESCO verdsarvstad)

  • Ville og vakre Lodalen

  • Teambuilding - Fjols til fjells

  • Bedriftsbesøk

HOTEL ALEXANDRA

Hotel Alexandra er eit familiedrive hotell, kjent for si særeigne og personlege atmosfære. Ærverdige tradisjonar har blitt kombinert med moderne hotelldrift oga auge for stil og komfort. Symjebasseng og SPA-avdeling med eit breitt spekter av behandlingar, innandørs og utandørs symjebasseng og vannsklie.

  • Kongressområde: 1700 kvm

  • Kongresskapasitet: 700 personar

  • Moderne tekniske fasilitetar / utstyr

  • 337 tilgjengelege rom inkludert Hotel Loenfjord

  • Romslege salongar

KORLEIS KOME HIT

Widerøe flyr til Sandane og Ørsta/Volda som ligg 1 time frå Loen. Fly med SAS, Norwegian eller KLM til Ålesund Lufthavn Vigra, 2,5 timar frå Loen. Transfer vidare til Loen med minibuss, båt via Øye eller Geiranger, eller helikopter. Bergen og Oslo er også alternativ, men krev lenger transfer. Vi set gjerne opp forslag til transport som passar ditt arrangement.

BESTILLING OG FØRESPURNADER

For tilbod ta kontakt med vår salsavdeling på post@loenskylift.no eller 57 87 59 00.