Opplev Loen frå kajakk, enten på Lovatnet eller på Nordfjorden. Loen Active tilbyr guida turar i doble kajakkar nesten heile året. Turen kan også kombinerast med ein vandretur.

LOENVATN-FJORDNORGE-SVERREHJORNEVIK-26184_2000.jpg

Tur 1: Lovatnet

Lodalen er ein av dei vakraste dalane i landet, med høge dramatiske fjell, isbrear og smaragdgrønt vatn. Bli med Loen Active på guida kajakktur og høyr om dalen si dramatiske historie, og livet folk levde her. I tillegg til utstyr inkluderer turen transport frå Loen til Bødal, matpakke og drikke. Tid: 4-5 timar. Nivå: Lett. Minimum alder: 10 år.

Pris frå: 1600,- per person.


fn229chs.jpg

Tur 2: Fjordtur

Med start frå Loen får du oppleve Loen og indre Nordfjord frå fjorden. Vi stoppar undervegs og fortel om historia og naturen i dette området under Jostedalsbreen. Tid: 3 timar. Nivå: Middels. Minimum alder: 8 år.

Pris frå: 865,- per person.


LOENVATN-FJORDNORGE-SVERREHJORNEVIK-26421.jpg

Tur 3: Oppdag padling

Ein kort tur på Nordfjorden, perfekt for nybyrjarar. Tid: 2 timar. Nivå: Enkel. Minimum alder: 8 år.

Pris frå: 700,- per person.


BB20161007_HovenLoen_DSC08282.jpg

Tur 4: Rundtur med kajakk og vandring

Denne rundturen startar med 2,4 km padling i kajakk på fjorden. Når vi går i land, startar ein 2,6 km lang tur fordelt over 400 høgdemeter som belønnar deg med utsikt over fjorden og fjella i indre Nordfjord. Deretter går turen på fjellvegen til Losætra og tilbake til utgongspunktet i Loen. I tillegg til utstyr inkluderer denne turen matpakke og drikke. Total gongavstand: 6 km. Tid: 4-5 timar. Nivå: Middels. Minimum alder: 8 år.

På førespurnad. Pris frå: 1500,- per person.


kajakkk.jpg

Utleige kajakkar (utan guide)

Dei som kan framvise personlig sertifikat, minimum NPF (VåttKort Grunnkurs), EPP2 eller BCU 2STAR, kan leige utstyr.

Dobbel kajakk: 1 time: 450,- | 3 timar: 815,- | Heildag: 1500,-
Enkel kajakk: 1 time: 325,- | 3 timar: 500,- | Heildag: 1080,-

Inkludert: Kajakk, åre, padlejakke, vest, hanskar og padlesko.


Praktisk informasjon

Alle turane inkluderer guide, kajakk, åre, padlejakke, vest, hanskar og padlesko. Nokre av turane inkluderer også matpakke og drikke. Det er alltid følgebåt med på dei guida turane. Loen Active har base midt i Loen sentrum.

Minimum antal deltakarar: 6 personar.
Maks antal deltakarar per tur: 17 personar.

BESTILL

Bestill på nett, eller kontakt Loen Active på tel. +47 57 87 58 00 eller post@loenactive.no