Loen Marina

den enklaste vegen til fjordopplevingane

Velkomen til Loen Marina - eit splitter nytt aktivitetssenter ved fjorden, idyllisk plassert på marinaen nedanfor Hotel Alexandra, og i gongavstand frå Loen Skylift. Her er det enkelt å komme seg ut på vatnet, enten du ønskjer ein roleg padletur eller ein aktiv dag med familie og venner.

Leig kajakk*, SUP-brett eller pedalbåt, og utforsk Nordfjorden i ditt eige tempo. Vi har også våtdrakter og tørrdrakter til utleige, slik at du kan nyte fjorden gjennom store delar av året.

Etter turen kan du slappe av på brygga med ein god kopp kaffi, ein is eller litt snacks, medan du nyt utsikta mot fjord, fjell og brear. Loen Marina er det perfekte utgangspunktet for små og store opplevingar på vatnet, midt i hjartet av Loen.

Tel. +47 57 87 58 00 eller post@loenactive.no