Truger er ein flott måte å oppleve vinterlandskapet på, på ein måte som alle greier. Loen Active tilbyr guida trugeturar med utgangspunkt frå Hoven og Loen Skylift. Her kan du oppleve fantastisk utsikt til fjord og fjell medan du vandrar i eit snødekt landskap. Der er mange moglege ruter og våre erfarne guider vil tilpasse turen til vêret og nivået på deltakarane. Etter turen kan du kose deg i Hoven Restaurant - kanskje med ein kopp varm kakao, og eit godt måltid. 

Leige truger?

Dersom du vil gå på eiga hand kan du leige truger hos Loen Active til NOK 400 per dag inkl. stavar. Tel. 57 87 58 00 eller post@loenactive.no

 
BB20170304_LoenSkylift_DSC06916.jpg

Pakke: Guida trugetur på Hoven

Ein passe lang tur med truger på beina, tilpassa etter gruppa sine ynskjer. Varm drikke i Hoven Restaurant etter turen.