Truger er ein flott måte å oppleve vinterlandskapet på, og dette er noko alle greier. Loen Active kan tilby trugeturar med guide på Hoven og til andre stadar i Loen. Her kan du oppleve fantastisk utsikt til fjord og fjell medan du vandrar i eit snødekt landskap. Der er mange moglege ruter, og våre erfarne guider vil tilpasse turen til vêret og nivået på deltakarane. Etter turen kan du kose deg i Hoven Restaurant - kanskje med ein kopp varm kakao, og eit godt måltid. 


MEIR INFORMASJON

Vi møtast ved Loen Active butikken der vi sjekkar bekledning og utstyr, og går samla til Loen Skylift. På toppen får vi utdelt truger og stavar før vi vandrar ut i det vakre vinterlandskapet.

Turen tek inntil tre timar, og vi vel rute etter vêr, snøforhold og ønskje frå gruppa.

Etter å ha vore ute i snøen kan du nyte utsikta i Hoven Restaurant, der det blir servert varm drikke, før vi returnerer til låglandet med Loen Skylift.
 

FAKTA

Nivå: Lett / middels / krevjande
Varighet: 2-3 timar.
Alder: Frå 12 år.
Sesong: Desember-mai (avhengig av snøforholda)
Inkludert: Billett t/r Loen Skylift, guide, truger og stavar.
Ta med: Lunch (kan bestillast), snacks, drikke, varme sko, varme og vind/vanntette klede, lue, hanskar, ryggsekk. Vinterbekledning og sko kan leigast for NOK 200.

Pris: NOK 1240 per person (ved min. 4 pers.).

Kun leige av truger inkl. stavar: 400,- per dag eller 300,- for 4 timar.