BB20180313_LoenSkylift_DSC03061.jpg

Leig kjelke på Hoven

Ha det moro med kjelke på Hoven - ein aktivitet for heile familien! Loen Aktiv leiger ut kjelkar inkl. hjelm.

På Hoven finn du preparerte bakkar for aking, både for born og vaksne. Du kan leige to ulike typar kjelkar i fjellstasjonen på Hoven, eller ta med eige akebrett/kjelke. Sesongen varer vanlegvis frå desember til april. NB: Sjå oppdatert status på parken her. 

Etter å ha vore ute i snøen kan du nyte utsikta frå Hoven Restaurant med noko å drikke eller å bite i, før returen til låglandet med Loen Skylift.

Vedrørande bruk av anleggsveg til Oppheim
All ferdsel i vegen til Oppheim skjer på eige ansvar. Følg med på skredvarselet, vis hensyn og tilpass farten. Du kan møte skiløparar, vandrande, akande og maskiner langs vegen.

Merk at anleggsvegen endar på Holme/Oppheim, 7 km frå fjordstasjonen til Loen Skylift. Det er parkeringsplass ved Holme (mot avgift).


UTSTYR VED AKING
- Hjelm er påbudt ved aking i action-bakken, og i bratt terreng.
- Snøbriller er anbefalt ved aking
- Slalomstøvler er forbode ved aking.
 

FORHOLDSREGLAR VED AKING
- Aking inneber ei viss fare. 
- Den som kjem bakfrå har vikeplikt
- Følg skilting, merking og anvisninger
- Sørg for kontroll over kjelken til ei kvar tid
- Finn ut korleis ein bremser og styrer
- Risiko for skade aukar med farten
- Kappkøyring ved fellesstart aukar risikoen for skade
- Stopp aldri opp i nedfarten
- Ved velt, gå raskt ut til sida
- Køyr kun ein og ein person på kjelken, utanom i følge med små born.