
VÅR i Loen
Visste du at våren sine lydar, dufter og synsinntrykk frigjer serotonin i hjernen, noko som skapar ei heilt spesiell kjensle av lukke? Nyt fruktblomstringa og utsikta til snødekte fjell som ruvar over fjordane. Gå fotturar, sykle eller padle på fjorden i kajakk, eller ta spektakulære Loen Skylift til toppen. På fem minutt tek bana deg frå fjorden til himmels - og inn i det vakre landskapet på det 1011 meter høge fjellet Hoven. Visste du forresten at våren byr på dei beste forholda for skikøyring? Eller kanskje du berre vil nyte eit gourmetmåltid og slappe av i Hoven Restaurant & Bar mens du nyter utsikta. Bu komfortabelt på Hotel Alexandra - eit av Norges beste hotell, ved foten av fjellet.

Våreventyr
Våren byr på et breitt utval av aktivitetar. Nede ved fjorden kan du gå fotturar, padle kajakk, SUP-padling eller sykle. Ta Loen Skylift til alpinlandskapet for trugeturar, fotturar i preparerte løyper eller skiturar - alltid med utsikt over fjordlandskapet. Våren byr ofte på dei beste forholda for skikøyring, og spesielt den første delen av våren er høgsesong. Også innendørsaktivitetar er det nok av. Hotel Alexandra har eigen symjehall, treningsrom og lekeområde, og helgane kan borna boltre seg i Loen Play. Len deg tilbake eller ver aktiv. Valet er ditt.
Aking

Mat og drikke
Gourmetmat vert laga 1011 meter over fjorden, inst ved Jostedalsbreen. I en restaurant som ut av ein James Bond-film - heilt på kanten av stupet mot fjorden. Ingrediensane er for det meste lokale, og det same gjeld drikkevarene: eplejuice fra bygda ved foten av fjellet, 5000 år gamalt vatn fra den mektige Jostedalsbreen og Odins eige øl. Om du er gjest på Hotel Alexandra kan du nyte den kjende buffeten eller kveldens tre-retters meny.
Hoven Restaurant
Restaurant Charlotte
Restaurant Andrine

Bu komfortabelt
Bu komfortabelt medan du utforskar fjordane. Du finn eit av Norges beste hotell i Loen. Imponerande frukost- og middagsbuffear, ein à la carte-restaurant og tilgong til oppvarma innandørs- og utandørsbasseng er inkludert.
Hotel Alexandra
Hotel Loenfjord
Loen Apartments
