Under den mektige Jostedalsbreen, heilt inst i Nordfjord ligg Loen. Perfekt for å utforske fjell og natur i løpet av dagen og nyte velvære og avslapning på kvelden. 

Norges lettaste topptur

Den splitter nye og høgthengande attraksjonen i bygda er pendelbana Loen Skylift, som tek deg frå fjordkant til fjelltopp på fem minutt. Du stig ombord i ei av dei to vognene, Hugin og Munin. Etter eit svev på nokre minutt er du på toppen av fjellet Hoven, 1011 meter over havet. Her startar mange flotte, godt skilta stiar for alle nivå. Oversikta du får frå toppen av Hoven er grunn god nok til å teste pendelbana. Du kan sjå Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør og Nordfjorden som strekkjer seg mot Stryn i vest. I løpet av sommaren opnar også zip-lines her oppe. I Hoven Restaurant kan du nyte lokal mat frå ein rikhaldig meny, og her finn du bar med uteservering på fine dagar. På taket av restauranten finn du Sky Shop med alt frå gåveartiklar og klede, til kaffi, is, kanelbollar og vafler. 

Loen Skylift. Foto: Reidar Nesje/Loen Skylift

Loen Skylift. Foto: Reidar Nesje/Loen Skylift

Vandre i luftlinje - Via Ferrata Loen

Det fins andre og meir strabasiøse vegar til topps på Hoven. Ein av dei er ein klatresti, eller Via Ferrata, som startar bak Hotel Alexandra nede i Loen. Som ein del av ruta opp mot Hoven, kan du krysse den 120 meter lange Gjølmunnebrua, den lengste Via Ferrata-brua i Europa. Den er spent opp 750 meter over fjorden, så det er gode muligheter for litt kiling i magen. I 2019 opna også den nye ekstrem-ruta Ragnarok, for dei med styrke og erfaring.

Gjølmunnebrua i Via Ferrata Loen. Foto: Mattias Fredriksson/Fjord Norway

Gjølmunnebrua i Via Ferrata Loen. Foto: Mattias Fredriksson/Fjord Norway

Skåla

Eit anna høgdepunkt i Loen er 1848 meter høge Skåla. Denne toppturen vert rekna som den i Norge med størst høgdeforskjell frå fjord til fjell. Her oppe er det mogleg å overnatte i Skålatårnet som har blitt kåra til Norges mest spesielle turisthytte. Den nye og flott designa turisthytta, Skålabu, ligg like ved sidan av, og skal avlaste det ærverdige Skålatårnet. Skålabu er opa heile året, og er ypperleg for toppturfolket vinterstid. Men kven spring raskast opp Norges lengste motbakke? Det blir sjekka ut kvart år i motbakkeløpet Skåla Opp. Om du vil ha mindre strabasiøse turar anbefaler vi turar i Lodalen, rundt Loen sentrum og og på Hoven. Turkart for Loen-Lodalen får du kjøpt hos Loen Active og Loen Skylift.

På veg til Skåla med utsikt mot Lodalen og Jostedalsbreen. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway

På veg til Skåla med utsikt mot Lodalen og Jostedalsbreen. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway

Lodalen

Lodalen er ei nasjonalromantisk perle, og dalen si dramatiske historie gjer dalen heilt spesiell. Inst i dalen ligg Kjenndalsbreen, som er Jostedalsbreen sin lavaste brearm. Lenger nede ligg den sjarmerande setra Breng, som er eit ynda fotomotiv. Bødalen er ein av sidedalane, og her finn du Bødalsætra som er utgongspunktet for turar til sjølvaste Lodalskåpa ("Vestlandsdronninga") (2083 m.o.h.). 

Lodalen. Foto: Scott Sporleder/Matador Network

Lodalen. Foto: Scott Sporleder/Matador Network

Beach-klatring

Dersom du er sterk i fingrane, kan du klatre på populære Beachen nokre få kilometer frå Loen. Eit overheng held fjellet tørt sjølv i regn, men det gjer også at det er lite å hente for nybyrjarar. Rutene er gradert frå 7+ til 9–, og nesten alle er 30 meter lange. Beachen vert rekna som eit av Norges beste klatrefelt. 

Beachen klatrefelt. Foto: Einar Løken/Breogfjell

Beachen klatrefelt. Foto: Einar Løken/Breogfjell

Padle på Lovatnet eller på fjorden

Om du føretrekk det våte element, er det ingen grunn til å styre unna Loen. Loen Active tilbyr kajakkturar på Lovatnet og på fjorden og Sande Camping leiger ut robåtar, kanoar og fiskeutstyr. Kanskje får du ein ørret på kroken? Fiskekort er ikkje naudsynt sidan det er gratis fiske i heile Lovatnet. Kjenndalstova leiger også ut kanoar. 

Padling på Lovatnet. Foto. Sverre Hjørnevik/Fjord Norge

Padling på Lovatnet. Foto. Sverre Hjørnevik/Fjord Norge

Sightseeing på Lovatnet

Likar du større båtar, kan du bli med kanalbåten MS Kjenndal over Lovatnet. Den har plass til 100 passasjerar, og går i trafikk mellom Sande og Kjenndal på utvalde datoar i sommar. I Kjenndalen ligg kafeen Kjenndalsstova. Det er også mogleg å nå kafeen for eiga maskin, med å leige sykkel hos Loen Active og trakke innover Lodalen.

MS Kjenndal II på Lovatnet

MS Kjenndal II på Lovatnet

Jostedalsbreen Nasjonalpark på nært hald

Jostedalsbreen nasjonalpark omkransar Loen, med en grense som går et stykke opp i fjellsida. Innanfor verneområdet finn du Kjenndalsbreen, som ligg i enden av Lodalen, og Bødalsbreen i dalen ved sidan av. Langs den fine turstien eit stykke før Bødalsbreen ligg Bødalssetra, ei stor og idyllisk seter. Om du vil ta eit djupdykk i geologi og historie anbefaler vi ein tur til Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn.

Kjenndalsbreen.

Kjenndalsbreen.

Fisketur

Sande Camping leiger ut både robåtar, kanoar og fiskeutstyr, så du kan ta ein tur på Lovatnet og prøve å få en ørret på kroken. Det er gratis fiske i heile Lovatnet, så fiskekort er ikkje naudsynt. Gjennomsnittsvekta på ørreten i vatnet er ca 200 gram, og den største fisken som er fått i garn i det siste er på heile 9,2 kilo. Turid og Magne gjev enkel opplæring og gode råd. 

Lovatnet. Foto: Nordlandsblog/Fjord Norway

Lovatnet. Foto: Nordlandsblog/Fjord Norway

Lodalskåpa - Vestlandsdronninga

I likhet med Skåla ligg også fjelltoppen Lodalskåpa inne i nasjonalparken, 2083 meter over havet. Dette er det høgste fjellet i nasjonalparken, og vert kalla Vestlandsdronninga. Turen er lang, og er anbefalt å gå med guide.

Lodalskåpa. Foto: Jan Heggheim

Lodalskåpa. Foto: Jan Heggheim

Spa deg ned

Som ei avslutning på ein sprek dag, eller som ein avslappande pausedag, kan en tur i badeanlegget på Hotel Alexandra anbefalast. Anlegget har eiga spa-avdeling og inne- og utebasseng.

DSC_0189_Foto_Unda_Paula_Lauberga_1800.jpg

Bli her litt lenger og oppleve meir?

Med Loen som base kan du enkelt nå andre flotte attraksjonar og aktivitetar som Briksdalsbreen, Geirangerfjorden, Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, det nye vikingsenteret Sagastad, og til og med nå heilt til kysten på berre 1,5 time. Dei aktivitetssøkande kan sykle på stiar i Hjelledalen eller på Sandane, teste den nye klatreparken i Stryn, stå på ski på Stryn Sommerski eller surfe på Stadlandet.

Hoddevik. Foto: CH/Innovasjon Norge

Hoddevik. Foto: CH/Innovasjon Norge

Reise og bu

Loen ligg i Stryn kommune i Nordfjord på det vakre Vestlandet. Ta ekspressbuss frå Oslo, Bergen eller Trondheim, køyr bil, eller fly til Sandane, Ørsta/Volda eller Ålesund. Finn ut fleire detaljar om reiseruter her. Og overnattingsalternativ er det mange av. Eit av Norges beste hotell - Hotel Alexandra - ligg midt i Loen, og tett ved finn du koselege Hotel Loenfjord. Det er også mange hytter, campingplassar m.m. i området.

Hotel Alexandra i Loen

Hotel Alexandra i Loen

Deler av innhaldet vart først publisert på visitnorway.com