Fjelljul

Romjul høgt til fjells

Velkomen til ei koseleg romjul på fjellet. I romjula held Loen Skylift ope dagleg frå 3. juledag og til og med 3. januar. Det blir levande musikk fleire av dagane, og så blir det Romjulsquiz! Leik i snøen eller gå tur, og om vêrforholda tillet det blir det aking (sjå live-sida). Fjellbutikken leiger ut kjelkar og truger. Hoven Restaurant byr på peiskos, god mat og levande musikk.

Hoven Restaurant. Foto: Marius Beck Dahle

Musikk med Aleksander Raftevold

Kvar dag mellom 28. desember og nyttårsaftan vil Aleksander Raftevold (også kjend under artistnamnet Aleks Grey) skape lun romjulsstemning i Hoven Restaurant. Aleksander kjem opprinneleg frå Nordfjordeid. og er låtskrivar, produsent og artist. Som soloartist, under navnet Aleks Grey, har han turnert i Noreg, England og Tyskland. Musikken hans er streama over heile verda og han har vore lista på NRK P1, NRK P3, BBC Radio og tysk radio. Han har også komponert musikk til fleire tv-seriar. Aleksander spelar kl 14-16.

3. juledag: Kahoot Romjulsquiz

Quizen startar kl 19:15, og alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Om du ikkje har prøvd Kahoot før er det veldig enkelt å lære. Delta aleine eller på lag saman andre. Kveldens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass. Gratis deltaking. Etter quiz’en blir det feststemning med Øystein Eckhoff Band. Les meir om quiz’en.

3. juledag: Feststemning med Øystein Eckhoff Band

Det blir høg stemning på Hoven når Øystein Eckhoff & Band tek scena! Øystein Eckhoff er busett i Volda, men har farta landet rundt i 20 år som trubadur, bandmusikar og entertainer. No har han gleda av å bli backa av eit nytt musikalsk stjernelag, og det blir ei fryd å få vist fram desse musikarane på Hoven! Dette bandet elskar å få publikum ut på dansegolvet og hyle med på refrenga. Dei vel sitt repertoar med kløkt, og byr på musikalske overraskingar og fantastisk stemning, uansett kva festen din måtte trenge; chill vibes, allsangbonanza eller alle tenna i tapeten. Finn ut meir.

5. juledag: Kahoot Familiequiz

Ta med små og store til fjells denne dagen, og bli med på noko som er moro for heile familien! Quizen startar kl. 16:15, og alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Fine premiar og gratis deltaking! Finn ut meir

Studentrabatt i romjula

Heile romjula og til og med 3. januar får studentar 40% rabatt på enkeltbillettar. Vis studentkortet i billettluka for å få rabatten og nyt juleferien til fjells!

Hoven Restaurant & Bar

Hoven Restaurant serverer frå 3. juledag til 3. januar. Menyen består av både julemat og andre freistingar. Og hugs å bestille bord! Skyshop vil også vere open med servering av kanelsnurrar, kaffi og andre forfriskningar.

Aktiv desember

Om veret tillet det vil vi køyre opp vandreløyper til Skredfjellet, og lage akebakke. Følg med på vår Live-side for oppdatert informasjon. Det er fine forhold for trugeturar, så ta med gode sko og gode klede. Loen Active Fjellbutikk leiger ut truger og stavar. Du kan til og med leige vinterdress og skibriller.

Leig truger med Loen Active. Foto: Silje Fløtre Reed