Øystein Eckhoff Band – festmodus garantert 3. juledag!
3. juledag blir det høg stemning på Hoven når Øystein Eckhoff & Band tek scena.
Øystein Eckhoff er busett i Volda, men har farta landet rundt i 20 år som trubadur, bandmusikar og entertainer. No har han gleda av å bli backa av eit nytt musikalsk stjernelag, og det blir ei fryd å få vist fram desse musikarane på Hoven! Dette bandet elskar å få publikum ut på dansegolvet og hyle med på refrenga. Dei vel sitt repertoar med kløkt og byr på musikalske overraskingar og fantastisk stemning, uansett kva festen din måtte trenge - chill vibes, allsangbonanza eller alle tenna i tapeten.
Tidspunkt:
Øystein Eckhoff spelar frå kl. 21:30 til 00:00.
Barane er opne til kl 00:00
Matservering til kl 21 (siste bestilling 20:45)
Siste bane ned frå fjellet går kl. 00:30.
PS!
Vil du ete i restauranten? Hoven Restaurant serverer fram til kl. 21:00. Hugs å bestille bord på førehand - også om du ikkje ynskjer mat.
Ingen inngangsbillett
Velkomen til ein fantastisk kveld full av musikk, moro og god stemning!