Hausten er her. Lufta blir skarpare, og naturen skiftar lune og farge. Også er det så godt å kome inn etterpå. Fyr på peisen og noko varmt i koppen, medan kjakane blussar av frisk fjelluft. Kom til Loen og ta litt fri.

Haust i fjellet

Etter eit svev på nokre minutt frå fjorden i Loen stig du ut på toppen av fjellet Hoven, 1011 meter over havet. Her oppe kan du utforske fjellet til fots, eller berre nyte utsikta frå takterrassen eller restauranten. Du kan sjå Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør og Nordfjorden som strekkjer seg mot Stryn i vest. I Hoven Restaurant kan du nyte lokal mat frå menyen, og varm sjokolade framfor peisen. 

Loen Skylift. Foto: Sølvi Dybevold

Loen Skylift. Foto: Sølvi Dybevold

Hoven Restaurant. Foto: Danielle Langedal

Hoven Restaurant. Foto: Danielle Langedal

Natursti og friske fjellturar

Frå fjellstasjonen på Loen Skylift startar mange flotte, godt skilta stiar for alle nivå. Infotavle finn du fleire stadar på toppen, og turane er skilta og godt tilrettelagt. Velg turen som passar deg, enten du vil gå langt eller berre vil spasere ein liten runde. Loen Active tilbyr guida turar for dei som vil ha det. I veke 40 og 41 er det natursti på Hoven. Alle born som deltek får varm sjokolade i Hoven Bar etter turen. Det blir også drageflyging og fullmånetur. Hoven ligg 1011 m.o.h. så det kan vere mogleg at det ligg snø i fjellet. Følg med på webkamera for verforholda på Hoven. Nede i lavlandet finn du også flotte turalternativ. Turkart finn du i Fjordshop.

På veg til Skredfjellet. Foto: Bård Basberg

På veg til Skredfjellet. Foto: Bård Basberg

Via Ferrata Loen

Det fins meir strabasiøse vegar til topps på Hoven. Ein av dei er klatrestien Via Ferrata Loen. Som ein del av ruta opp mot Hoven, kan du krysse den 120 meter lange Gjølmunnebrua, den lengste Via Ferrata-brua i Europa. Den er spent opp 750 meter over fjorden, og vil garantert gje sommarfuglar i magen. Dei som vil teste kreftene litt ekstra kan ta “Tors Hammar”-sløyfa på slutten av ruta. I år opna vi også Ragnarok, Norges tøffaste via ferrata, for dei med styrke og god klatreerfaring.

Via Ferrata Loen. Foto: Mattias Fredriksson/Fjord Norway

Via Ferrata Loen. Foto: Mattias Fredriksson/Fjord Norway

Nyt spa-livet

Det er ekstra godt å nyte eit varmt boblebad ute i frisk haustluft, med høge fjell og ein blå fjord som kulisse. I Alexandra Bad & Spa finn du ulike symjebasseng, barneområde, sklie og badstover. Du kan også bestille behandlingar frå ein rikhaldig spa-meny.

Hotel Alexandra

Hotel Alexandra

Kajakk på Lovatnet eller på fjorden

Om du føretrekk det våte element, er det ingen grunn til å styre unna Loen. Loen Active tilbyr kajakkturar på Lovatnet og på fjorden og Sande Camping leiger ut robåtar, kanoar og fiskeutstyr. Kanskje får du ein ørret på kroken? Fiskekort er ikkje naudsynt sidan det er gratis fiske i heile Lovatnet.

Kjakk på Lovatnet. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norge

Kjakk på Lovatnet. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norge

Skåla

Eit anna høgdepunkt i Loen er 1848 meter høge Skåla. Denne toppturen vert rekna som den i Norge med størst høgdeforskjell frå fjord til fjell. Her finn du Skålatårnet som har blitt kåra til Norges mest spesielle turisthytte. Skålatårnet er stengt utanom sommarsesongen, men nye og flotte Skålabu, ligg like ved. Skålabu er opa heile året. Merk at det kan vere snø i høgda på denne tida av året., at turen er svært krevjande grunna dei mange høgdemeterane.

Skåla. Foto: Nordlandsblog

Skåla. Foto: Nordlandsblog

Fagre Lodalen

Lodalen er ei nasjonalromantisk perle, og dalen si dramatiske historie gjer dalen heilt spesiell. Inst i dalen ligg Kjenndalsbreen, som er Jostedalsbreen sin lågast liggande brearm. Lenger nede ligg den sjarmerande setra Breng, som er eit ynda fotomotiv. Ein av sidedalane heiter Bødalen - eit flott turområde med Bødalsætra og utsikt til Bødalsbreen. Bødalen er også utgongspunktet for turar til sjølvaste Lodalskåpa ("Vestlandsdronninga") (2083 m.o.h.). 

Breng i Lodalen. Foto: Scott Sporleder/Matador Network

Breng i Lodalen. Foto: Scott Sporleder/Matador Network

Magi på Hotel Alexandra

Denne hausten blir magisk på det ærverdige hotellet. I haustferien skal magikaren og tryllekunstnaren Tito Magic (kjend frå Norske Talenter) underhalde store og små med to daglege show i perioden 5.-12. oktober). Det blir også natursti rundt hotellet kvar dag i haustferien og barnedisco i Alex Dancing heile veke 41. Hotel Alexandra tilbyr familiepakkar frå kr 2990,- for to vaksne og inntil to barn i medium dobbeltrom (midtveke). Pakkeprisane inkluderer opphald med middagsbuffet og frukost, samt fri inngong i Alexandra Bad.

Hotel Alexandra

Hotel Alexandra

Fisketur på Lovatnet

Sande Camping leiger ut både robåtar, kanoar og fiskeutstyr, så du kan ta ein tur på Lovatnet og prøve å få en ørret på kroken. Det er gratis fiske i heile Lovatnet, så fiskekort er ikkje naudsynt. Gjennomsnittsvekta på ørreten i vatnet er ca 200 gram, og den største fisken som er fått i garn i det siste er på heile 9,2 kilo. Turid og Magne gir enkel opplæring og gode råd. 

Lodalen. Foto: Turid Sande Beinnes

Lodalen. Foto: Turid Sande Beinnes

Sykkeltur under nasjonalparken

Leig sykkel med Loen Active, og trø oppover Lodalen langs Lovatnet, og kanskje heilt til Kjenndalen? Loen Active har også to juniorsyklar og ein sykkel med barnesete.

Lodalen

Lodalen

Beach-klatring

Nokre frå kilometer frå Loen ligg klatrefeltet Beachen, eit av dei beste i Norge. Eit overheng held fjellet tørt sjølv i regn. Rutene er gradert frå 7+ til 9–, og nesten alle er 30 meter lange.

Beachen klatrefelt. Foto: Einar Løken/Breogfjell

Beachen klatrefelt. Foto: Einar Løken/Breogfjell

Shopping

I Loen finn du Fjordshopen til Loen Skylift med diverse souvenirar, gåveartiklar og klede, Loen Active-butikken med Skogstad-klede og LaSportiva-utstyr, og souvenir- og gåvebutikken på Hotel Alexandra. På Hoven finn du Skyshop’en med diverse gåveartiklar og klede. Stryn sentrum ligg kun 10 minutt unna, og her finn du eit stort utval av butikkar, og m.a. utsala til dei lokale klesmerka Skogstad Sport, Ricco Vero og Moods of Norway. Skogstad Sport har også lagerutsal i Olden (6 km frå Loen) og i Innvik (24 km frå Loen).

_DSC0681_2000.jpg

Dette skjer i haust

27.-38. september: Maskinmesse i Loen
4.-6. oktober: Strynemessa
4.-6. og 11.-13. oktober: Familiehelgar på Hotel Alexandra
5.-13. oktober: Haustferie på Hoven
12. oktober: Dragefyking og Fullmånetur på Hoven
18.-20. oktober: Hausthelg med fisk og vilt, Hotel Alexandra
26. oktober: Showmiddag med “Entertainers by Wallmans”
9. november: Whisky Dinner

Følg med på loenskylift.no/kalender utover hausten!