Nytt aktivitetssenter ved fjorden i Loen
I sommar opna Loen Active dørene til Loen Marina, eit heilt nytt aktivitetssenter ved fjorden i Loen. Med kajakkar, SUP-brett og pedalbåtar til utleige har det blitt endå enklare for både tilreisande og lokale å oppleve Nordfjorden frå sjøsida.
Loen Marina ligg idyllisk til på marinaen like nedanfor Hotel Alexandra, og berre ein kort spasertur frå Loen Skylift og sentrum av Loen. Den sentrale plasseringa gjer det enkelt å kombinere ein tur på fjorden med andre aktivitetar og opplevingar i Loen.
Frå marinaen kan gjestene utforske fjorden i sitt eige tempo. Utleigetilbodet omfattar enkle og doble kajakkar, sit-on-top-kajakkar for både born og vaksne, SUP-brett, Mega SUP for grupper og pedalbåtar. Våtdrakter og tørrdrakter er også tilgjengelege for utleige, noko som legg til rette for aktivitet på fjorden gjennom store delar av året.
Låg terskel for å oppleve fjorden
Målet med Loen Marina er å gjere fjorden lettare tilgjengeleg for fleire. Ein treng ikkje nødvendigvis setje av ein heil dag eller ha mykje erfaring for å komme seg ut på vatnet. Tilbodet passar både familiar, par, vennegjengar og individuelle reisande som ønskjer å legge inn ei aktiv oppleving under opphaldet i Loen.
Den nye basen utvidar samtidig aktivitetstilbodet til Loen Active, som frå før tilbyr mellom anna Via Ferrata Loen, sykling, guida turar og ei rekkje fjellaktivitetar.
Ein ny møteplass ved fjorden
Loen Marina skal også vere ein hyggeleg stad å ta ein pause – anten ein skal ut på fjorden eller berre vil nyte livet ved sjøkanten. På brygga kan gjestene slå seg ned med kaffi, is eller snacks og nyte utsikta mot fjorden og fjella.
Med Loen Marina har Loen fått eit nytt utgangspunkt for små og store opplevingar på vatnet, midt i hjartet av bygda og med fjorden rett utanfor døra.