ein ettermiddag med rock’n’roll
Den 29. juli vart Hoven Restaurant fylt med Elvis, musikk og god stemning då The Norwegian Elvis Festival inviterte til show med Ultimate Elvis Tribute Artistar frå heile verda.
Artistane var i Måløy i samband med The Ultimate Elvis Artist Tribute Contest, ein internasjonal konkurranse arrangert av Elvis Presley Enterprises i Memphis. Måløy var ein av berre 17 byar i verda som var utvalde til å arrangere ein kvalifiseringsrunde til konkurransen.
På Hoven fekk publikum oppleve fleire av artistane i eit energisk og underhaldande show. Vêret var grått og overskya denne ettermiddagen, men det la ingen dempar på stemninga inne på Hoven Restaurant.
For oss i Loen Skylift var det kjekt å kunne ønskje både artistar og publikum velkomen til ein litt annleis konsertoppleving, høgt til fjells.
Takk til The Norwegian Elvis Festival, artistane og alle som tok turen til Hoven!