Inferno - klatreruta under Hoven

Arne og Kjell Sæten hadde sett på veggen under toppen av Hoven lenge før dei byrja å klatre. Først etter at Loen Skylift opna, og dei fekk sjå veggen på nærare hald, oppstod ideen om at det kunne vere mogleg å etablere ruter i juvet. Med friskt pågangsmot kjøpte dei boltar og naudsynt utstyr. Den opphavlege planen var å lage ei kombinert rappell- og nybyrjarrute.

Etter to rappellar kom dei likevel til ei hylle – seinare kalla Ørneredet – der dei fekk full oversikt over veggen. Synet var både imponerande og skremmande. Noka rappellrute vart det ikkje. Store blokker og generelt usikkert terreng gjorde at dei traverserte inn i den kvite, svakt overhengande veggen, og heldt fram derifrå nesten rett ned.

Etter om lag 14 dagar med arbeid, fordelte over to år, var ruta endeleg eit faktum. Arbeidet var tungt, og det var langt frå enkelt å jumarere opp ein 300 meter lang, svakt overhengande vegg med rundt 30 kilo i sele og sekk. Den dagen dei toppa ut ruta, letta to helikopter berre rundt 50 meter over dei. Grus og kvistar føyk rundt, og namnet var gjeve: Inferno.

Klatrar du? Finn ut meir om ruta her

NB: Inferno må ikkje forvekslast med Via Ferrata Loen. Desse to er adskilte, og er to ulike tilbod. Inferno er skapt på eksternt initiativ, og har inga direkte tilknyting til Loen Skylift AS eller Loen Active AS.

Neste
Neste

Guida turar til Staurinibba i juli