inferno
Klatreruta under Hoven
Arne og Kjell Sæten hadde sett på veggen under toppen av Hoven lenge før dei byrja å klatre. Først etter at Loen Skylift opna, og dei fekk sjå veggen på nærare hald, oppstod ideen om at det kunne vere mogleg å etablere ruter i juvet. Med friskt pågangsmot kjøpte dei boltar og naudsynt utstyr. Den opphavlege planen var å lage ei kombinert rappell- og nybyrjarrute.
Etter to rappellar kom dei likevel til ei hylle – seinare kalla Ørneredet – der dei fekk full oversikt over veggen. Synet var både imponerande og skremmande. Noka rappellrute vart det ikkje. Store blokker og generelt usikkert terreng gjorde at dei traverserte inn i den kvite, svakt overhengande veggen, og heldt fram derifrå nesten rett ned.
Etter om lag 14 dagar med arbeid, fordelte over to år, var ruta endeleg eit faktum. Arbeidet var tungt, og det var langt frå enkelt å jumarere opp ein 300 meter lang, svakt overhengande vegg med rundt 30 kilo i sele og sekk. Den dagen dei toppa ut ruta, letta to helikopter berre rundt 50 meter over dei. Grus og kvistar føyk rundt, og namnet var gjeve: Inferno.
Du finn meir informasjon om ruta Inferno og utviklinga av nye ruter på Facebook-sida Climbing Loen. NB: Denne ruta er separat frå Via Ferrata Loen.
Tilkomst
Køyr til Loen og parker på parkeringsplassen til Loen Skylift (P₁). Ta bana til toppen og følg deretter stien vestover langs ryggen. Etter om lag 500 meter kjem du til ei høg furu. Herifrå går du ned mot venstre inn i skogen og følgjer raud merking. Hald fram mot venstre under fjellet langs ei hylle, som fører fram til ein foss. Kryss fossen høgt oppe, og hald deretter fram rett fram eit kort stykke før du går vidare nedover. Følg merkinga til du kjem til det første bolta partiet. Terrenget er ikkje vanskeleg her, men sikring er naudsynt. Hald fram vidare, og etter kvart kjem du rundt kanten til det neste bolta partiet, som fører fram til rappellen. Rappeller 40 meter ned og følg skildringa på neste side til starten av ruta Inferno. Dersom klatringa blir avbroten, må rappellen klatrast opp att (bolta, grad 6+), og tilkomsten følgjast i motsett retning.
Ikkje gå ned renna – ho er laus og farleg!
Som alternativ til å ta Loen Skylift kan du køyre opp til Oppheim og parkere der. Herifrå føl du vegen i om lag seks kilometer før du tek av til høgre og går mot den høge furua. Derifrå er tilkomsten den same som frå Loen Skylift.
Inferno
Grad: 8-/8
Inferno er ei om lag 300 meter lang, bolta rute. Dei fleste taulengdene er svakt overhengande og spektakulære, med fantastisk utsikt. Standplassane ligg for det meste på små hyller.
Ta med:
25 kortslynger
to 60 cm slynger
gjerne éi lang, stiv slynge
Det blir tilrådd å bruke eit 80 meter langt tau.
Rekn med 8–9 timar på klatringa.
Taulengder
6 Innleiande taulengde for å kome fram til sjølve starten av ruta.
8-/8 Den hardaste taulengda på ruta! Bruk dei to nærliggande boltane som standplass når du kjem til gode tak eit stykke opp til venstre.
7+ Flott og pumpande klatring.
7- Eksepsjonelt bra for graden! Standplassen ligg på ei skrånande hylle som eignar seg godt til ein pause.
8- Første takoverhenget, deretter teknisk klatring.
7+ Svært god og pumpande klatring.
7+/8- Krimpete start og pumpande traversklatring. Avsluttar med ein lett travers ut til ei god hylle.
7+ Går ut mot venstre. Bruk lange slynger for å unngå taudrag. Standplass på ei hylle med fantastisk utsikt, kalla Ørneredet.
6+ Fin sva- og vertikalklatring.
6- Lett klatring til toppen. Kommunikasjonen er utfordrande, og ein kjem ut av synsrekkjevidde.
Alternativ avslutning etter 7. taulengde (ut mot høgre)
8. 7 Lettare enn det ser ut. Særs fin klatring!
9. 7/7+ Svært fin og luftig klatring! Ver merksam på flaket under taket.
10. 7- Flott klatring ut mot venstre, vidare mot høgre og deretter rett opp til ei god hylle.
11. 5+ Lett avsluttande taulengde opp til toppen.
Arne Sæten & Kjell Sæten, 2020 / 2022