Magi, humor og buktaling på Hoven
Det vart ein ettermiddag utanom det vanlege på Hoven då komiker, buktalar og tryllekunstnar Erik Mogeno inviterte til familieshow på Hoven.
Under haustferien fekk både born og vaksne bli med inn i ei verd fylt med magi, humor, buktaling og overraskingar. Med seg på scena hadde Erik dei kjende figurane Kalle og dragen, som raskt vart ein stor del av showet.
Publikum fekk ikkje berre sjå på, dei vart aktivt med. Erik engasjerte både små og store, inviterte publikum opp på scena og fekk dei med på ulike trylletriks og sprell. Det vart både latter, overrasking og nokre augeblikk der publikum nok lurte på korleis han eigentleg klarte det.
Erik Mogeno er kjend frå Norske Talenter på TV 2, der han tok seg heilt til finalen. Han har også vunne pris under Norgesmeisterskapen i trylling i 2025, saman med sonen Lucas på 13 år.
På Hoven stod Erik aleine på scena denne gongen, men med Kalle, dragen og eit engasjert publikum fekk han likevel med seg heile salen på moroa.
Det vart ein time fylt med latter, magi, song, god stemning og ein fin del av haustferien på Hoven.
Takk til Erik Mogeno og alle som tok turen til fjells! 🏔️✨