Det vart ei helg fylt med skumle sprell, god mat og mykje moro då vi inviterte til HalloHoven på toppen av Loen Skylift.
Frå fredag til søndag var Hoven Restaurant pynta til Halloween, med skummel stemning og ekstra mykje å finne på for både små og store. På menyen stod det skummel mat, og rundt om i restauranten venta ulike aktivitetar på dei yngste gjestane.
Barna kunne mellom anna kose seg med fargelegging av skumle motiv. Det vart også arrangert skattejakt, der oppgåva var å finne alle dei skumle figurane som hadde gøymt seg. Dei som fann alle, fekk sjølvsagt ein lita premie!
God stemning under Halloween-quizen
Fredagskvelden var det klart for Halloween-quiz i Hoven Restaurant. Her samla både små og store seg til ein kveld med spørsmål, konkurranse og god stemning. Det vart ein spennande quiz, og til slutt var det Mathias Loen som stakk av med førstepremien. Gratulerer!
Takk til alle som tok turen til Hoven og bidrog til den gode Halloween stemninga. Vi håpar vi ser dykk igjen snart!