Trugetur

Oppdag vintermagien på Hoven med truger

Truger er ein fantastisk måte å kome seg ut i naturen på om vinteren og passar for alle. Det er enkelt, moro og krev inga tidlegare erfaring.

Ta Loen Skylift opp til 1011 meters høgde og stig rett ut i eit glitrande vinterlandskap på fjellet. Med truger på beina har du ein fantastisk moglegheit til å kome deg fram i snøen på Hoven. I ditt eige tempo kan du nyte utsikta frå fjellet i den glitrande snøen, på eiga hand eller saman med ein av guidane våre. Loen Active tilbyr trugetur med guide på Hoven.

Etter ein frisk trugetur i snøen kan du kose deg i Hoven Restaurant - kanskje med ein kopp varm kakao, og eit godt måltid.

Dersom du vil gå på eiga hand kan du leige truger hos Loen Active. Bestill online, og hent trugene etter avtale. Du kan også henvende deg i Fjordshop i Loen Skylift sine opningstider, eller ta kontakt med banetilsette på toppen for å leige truger (betaling med Vipps).

Pris: Vaksne: Inntil 4 timar: NOK 350 / per dag: NOK 500
Born (3-9 år/ 13-36 kg): NOK 100 Prisen inkluderer truger og stavar.

Sesong: November til maj (avhengig av snøforhold)

Loen Active fjellbutikk leiger ut vinterdressar og vintersko.
Pris : NOK 200 per dag. Les meir her.

Tel. 57 87 58 00 eller post@loenactive.no

BB20170304_LoenSkylift_DSC06916.jpg

Guida trugetur på Hoven

Ein passe lang tur med truger på beina, tilpassa etter gruppa sine ynskjer.

Loen Active tilbyr trugetur med guide på Hoven.‍ ‍