Loen Skylift og Hoven Restaurant opnar 3. juledag, og held ope kvar dag i romjula, så det blir enkelt å sikre seg litt skikkeleg fjelluft innimellom all julekosen. Og på den siste dagen i året inviterer vi igjen til nyttårsfest!

_BD_8286.jpg

Hoven Restaurant

Kokkane diskar opp med vår populære meny også i romjula. Her kan du velge mellom smårettar og middagsrettar. Kanskje freistar vår populære burger, eller blåskjell med “Kraftkar” eller ein lett salat etter den frodige julematen? Sjekk ut menyen og la deg inspirere.

5. juledag: Trubadur Torbjørn Gran

_BD_8815.jpg

Sjølvaste Torbjørn Gran lagar stemning i Hoven Restaurant & Bar denne romjulsettermiddagen. A la carte er open til kl 21:00, Hoven Bar til kl 22:00 og siste bane ned kl 23:00. Les meir…

Nyttårsfest

Vi feirar sjølvsagt det nye året med den beste utsikta! Duoen Tone og Roger spelar til dans. Arrangementet har fri inngong for alle gjestar ved Loen Skylift, og born er velkomne i følge med vaksne. Merk at bana er stengt mellom kl 17:00 og 21:00 nyttårsaftan. Les meir…

BB20170304_LoenSkylift_DSC06752.jpg

Kampanje årskort

Fram til nyttår får du 1000,- i rabatt på årskort, både for enkeltpersonar og familiar. Nytt sjansen til å handle i romjula, og nyt dei siste desemberdagane og 2019 på fjellet.

Vere litt aktiv?

Det er fine forhold for fotturar og trugeturar for tida, så ta med gode sko og gode klede når du kjem. Loen Active leiger ut truger og stavar i Fjordshop. Du kan til og med låne skibriller, som er gode å ha om det bles litt.

 

opningstider JULA 2018

 
48383043_1915677145147132_3334256719034318848_n%2B%25281%2529.jpg