Cecilie Skog til Hoven

Cecilie Skog er ein av dei mest profilerte eventyrarane i verda, og ein av få som verkeleg har sprengt grenser, fysisk og mentalt, og 20. mars tek ho turen til Hoven for å fortelje si historie.

Finn ut meir

Ho er den første kvinna i verda som har bestige dei høgste fjella på alle sju kontinent og nådd både Nordpolen, Sydpolen og Mount Everest. Likevel handlar ikkje foredraget hennar først og fremst om prestasjonar, men om noko djupare: gleda av å følge draumane sine og motet til å stå i det ukjende.

Med foredraget “Cecilies Verden” tek Cecilie deg med på ei visuell og følelseslada reise gjennom noko av dei mest ekstreme landskapa i verda. Ho formidlar med varme, humor og rå ærlighet og gjev publikum eit nytt blikk på både eigne mål og korleis ein møter utfordringar i livet og i arbeidslivet.

Meir enn ein eventyrer – Cecilie Skog som formidlar og førebilete

Cecilie er utdanna sjukepleiar og har bakgrunn frå friluftsliv og fjellføring. Ho har skrive fleire bøker, og vore programleiar og deltakar i TV-produksjonar på både NRK og TV 2, blant anna frå seriar som Drømmeturen, Tjukken & Lillemor med Truls Svendsen, og Familiefryd og Skal vi Danse. Foredraget Cecilies Verden er eit sterkt foredrag om indre driv og imponerande opplevingar.

Billettar kan kjøpast med eller utan treretters meny.

Neste
Neste

Romantikk og musikk