Aktivitetsdag på hoven

Kvart år inviterer Loen Skylift alle 6.-klassingane i kommunen til ein gratis aktivitetsdag på Hoven. Dette er vår måte å gi noko tilbake til bygdene på, eit samfunnsansvar vi har valt å ta, og som betyr mykje for oss.

I samråd med rektorane har vi valt å rette tilbodet mot 6. klasse. Dei er store nok til å ferdast trygt i fjellet, samstundes som dagen gir ei fin moglegheit til å bli betre kjende før overgangen til ungdomsskulen.

Tradisjonen tru vart det også i år ein dag fylt med gode opplevingar. Sjølv om det var snø i lufta, var stemninga på topp frå start til slutt. Elevane møtte opp med stort engasjement og nysgjerrigheit, klare for å utforske alt Hoven har å by på.

Gjennom dagen fekk dei prøve seg på fleire spennande aktivitetar: pizzabaking i Hoven Restaurant, eit fascinerande innblikk i maskinrommet, og trugetur i vinterlandskapet saman med Loen Active.

Det var mykje latter, gode spørsmål og ekte utforskartrong heile vegen.

Takk for besøket, vi gler oss allereie til neste gong!

Neste
Neste

Ein uforgløymeleg kveld med Cecilie Skog