Tilbake til alle arrangementer

Cecilie Skog

Cecilie Skog er ein av dei mest profilerte eventyrarane i verda, og ein av få som verkeleg har sprengt grenser, fysisk og mentalt. Ho er den første kvinna i verda som har bestige dei høgste fjella på alle sju kontinent og nådd både Nordpolen, Sydpolen og Mount Everest. Likevel handlar ikkje foredraget hennar først og fremst om prestasjonar, men om noko djupare: gleda av å følge draumane sine og motet til å stå i det ukjende.

Med foredraget “Cecilies Verden” tek Cecilie deg med på ei visuell og følelseslada reise gjennom noko av dei mest ekstreme landskapa i verda. Ho formidlar med varme, humor og rå ærlighet og gjev publikum eit nytt blikk på både eigne mål og korleis ein møter utfordringar i livet og i arbeidslivet.

Meir enn ein eventyrer – Cecilie Skog som formidlar og førebilete

Cecilie er utdanna sjukepleiar og har bakgrunn frå friluftsliv og fjellføring. Ho har skrive fleire bøker, og vore programleiar og deltakar i TV-produksjonar på både NRK og TV 2, blant anna frå seriar som Drømmeturen, Tjukken & Lillemor med Truls Svendsen, og Familiefryd og Skal vi Danse. Foredraget Cecilies Verden er eit sterkt foredrag om indre driv og imponerande opplevingar.

Billettar kan kjøpast med eller utan treretters meny. Menyen blir publisert om kort tid.

Menyen vert servert frå kl 18 og fram til kl 21. Ta kontakt med alex@alexandra.no for bordbestilling.


Foredrag: 410,- ink. mva + avgift
Foredrag og tre-retters meny: 1190,- ink. mva + avgift

Dei som har billett til arrangementet kan kjøpe t/r billett med Loen Skylift til spesialpris 250,- ved ankomst. Dei som har årskort kan sjølvsagt nytte dette.

Kjøp billett foredrag og middag her

Velkomen til eit svært interessant foredrag i spektakulære omgjevnader.

Billettar til foredraget kjøper du her

Ønskjer de overnatting på Hotel Alexandra?

Pris frå 1730,- pr person i dobbeltrom inkludert frukost og inngong i Alexandra Bad for dei som har billett til arrangementet. Enkeltromstillegg frå 400,-. Merk at det er eit begrensa antall rom tilgjengeleg til denne kampanjeprisen.

Forrige
Forrige
30. november

Førjulsro med Fjellsus

Neste
Neste
27. desember

Kahoot romjulsquiz