Tilbake til alle arrangementer

Kvinnepuls

Velkomen til Kvinnepuls – konferansen der kvinnehelse er på agendaen!

Kvinnepuls finn stad laurdag 7. mars, kl. 18:00–24:00 i Hoven Restaurant i Loen.

Middag, Skylift og buss t/r Stryn sentrum/Olden er inkludert i billetten.

Den spektakulære utsikta frå Hoven set ramma for ein kveld fylt med gode foredrag og mingling.

Vi er stolte av å kunne annonsere at Marit Breivik, Lene Drange og Trine Lerum er stadfesta som foredragshaldarar. Ikkje minst skal Fjellsus synge!

Marit Breivik er ein av dei mest meritterte og respekterte leiarane i norsk idrett. Som landslagstrenar for det norske kvinnelandslaget i handball leia ho laget til OL-gull, VM-gull og fleire EM-gull. I dag er ho ein tydeleg stemme for inkludering, meistring og sterk lagkultur, og inspirerer kvinner til å ta plass og ansvar i leiande roller.

Trine Lerum er administrerande direktør og medeigar i familiebedrifta Lerum, ei verksemd med over hundre år lange tradisjonar i norsk matindustri. Ho er kjend som ein visjonær leiar med sterkt engasjement for kulturbygging, innovasjon og berekraft, og deler innsikt i korleis ein kan fornye tradisjonelle verksemder, skape verdiar og ta samfunnsansvar.

På Kvinnepuls møter du også Lene Drange, kjend programleiar og økonomisk rådgivar frå Luksusfellen. Ho har gjort privatøkonomi forståeleg for heile Noreg, og snakkar om korleis økonomisk kontroll og meistring er ein viktig del av kvinnehelse – i alle fasar av livet.

Fjellsus er eit kor som syng så vakkert at vi kan ikkje få sagt det med ord her. Dei må berre opplevast.

Tur med Loen Skylift (sponsa av Loen Skylift) buss (sponsa av verdas beste Olden Cruise) og middag (ein knallgod pizzabuffet) er inkludert i billetten.

Bussen går frå Olden – Loen Skylift – Stryn Sentrum t/r – tidspunkt og stoppestad for dette kjem snart.

Bli med – dette blir ein kveld du ikkje vil gå glipp av!

Arrangør: Mogleg

Forrige
Forrige
27. februar

Kahoot Fredagsquiz

Neste
Neste
20. mars

Cecilie Skog