
Lodalen
Norges vakraste dal
Lodalen er ein av dei vakraste og mest særprega dalane i Norge. Her møter du grøne vatn, mektige isbrear og ei historie som gjer inntrykk. Dalen ligg i Stryn kommune, på vestsida av Jostedalsbreen, og er ei oppleving du seint vil gløyme.
Inst i dalen ligg Kjenndalsbreen, den lågastliggjande brearmen frå Jostedalsbreen. Her kan du kome tett på isen – eit spektakulært skue. Lenger nede finn du Breng, ei sjarmerande seter med tradisjonelle stølshus og blomstrande bakkar – eit populært stopp for både fotografar og forbipasserande. Ikoniske Skåla ruvar over Loen, og er eit av dei mest populære turmålå - og Norges lengste motbakke.
Frå Lodalen kan du også oppleve Bødalsbreen, via Bødalsetra, som er utgangspunktet for fjellturar til Lodalskåpa (2083 moh), også kalla Vestlandsdronninga. Dette er eit populært område for både dagsturar og lengre vandringar i bre- og fjellandskap.
På sykkel gjennom Lodalen
Lodalen er som skapt for ein sykkeltur. Frå Loen føl du vegen langs det smaragdgrøne Lovatnet, og mellom bratte fjell og buldrande fossar. På sykkel kjem du tett på naturen – du kan stoppe der du vil, ta inn lyden av elvane og nyte utsikta mot isbrear og fjell. Klikk her for kart.
Ruta eignar seg godt for både mosjonistar og barnefamiliar, og går heilt inn til Kjenndalsbreen, med fleire stoppestadar undervegs – som ikoniske Breng, kafear, historiske stadar og rasteplassar ved vatnet. Sykkel kan du leige hos Loen Active - dei har både elsyklar og hybridsyklar.
Sykkel i Lodalen
Bødalen og Bødalsbreen
Bødalen er ein av sidedalane til Lodalen, og her finn du den karakteristiske Bødalssetra, og ein flott sti vidare inn til Bødalsbreen. Bødalen ligg i Jostedalsbreen Nasjonalpark, og er eit populært utgongspunkt for turar til Vestlandsdronninga Lodalskåpa 2083 m.o.h. Stien frå parkeringsplassen inn til breen er ein enkel og barnevenleg tur som passar for alle.
Bødasbreen
Kjenndalen og Kjenndalsbreen
I enden av Lodalen startar Kjenndalen, kjend for dramatiske fjellsider og ein koseleg restaurant ved vasskanten. Her kan du nyte tradisjonsrik mat, og nyte ein kaffipause. Ta gjerne turen gjennom Lodalen med båt på Lovatnet. MS Kjenndal har turar med guiding ombord på utvalde datoar.
Kjenndalsbreen
Ein dal med ei sterk historie
Lodalen ber på ei dramatisk historie. I både 1905 og 1936 gjekk store ras frå Ramnefjellet. Skreda førte til flodbølgjer i Lovatnet som ramma bygdene hardt – 135 menneske mista livet. Tragediane har sett djupe spor i lokalhistoria, og gjer Lodalen til meir enn berre vakker natur. Les meir om dei dramatiske hendingane her. Det er fleire kulturminner her, og eit stopp på minnetavla og vandring i den historiske vandreløypa frå minnetavla er anbefalt. Loen Active kan stille med guide.
Kvifor er vatnet så grønt?
Lovatnet har den karakteristiske grønturkise fargen på grunn av breslam – små leirpartiklar og bergstøv frå breane som blir frakta med elvane. Når sola skin, får vatnet ein nærast magisk glød – perfekt for eit fotostopp, ein roleg båttur eller berre stilla blikket.








