Bli med på fotturar på Hoven, og andre stadar i og rundt Loen. Vi kan tilpasse turen etter vanskegrad og lengde. Våre mest populære turar er på Hoven og til Skåla (1848 m).

 

Guida tur Skredfjellet

Opplev fjellet på ein godt tilrettelagt sti til Skredfjellet eller Gjølrunden, med panoramautsikt mot fjord og fjell. Vi avsluttar i Hoven Restaurant & Bar. Møtepunkt ved Loen Active i Loen. Pakken inkluderer Loen Skylift tur/retur, guide og nistepakke/lunsj.

Pris 2019: NOK 955 med nistepakke / NOK 1180 med 2-retters lunch i Hoven Restaurant.

 
BB20161007_HovenLoen_DSC08536.jpg

Staurinibba eller Årheimsfjellet

Ein lengre fjelltur, der du utforskar fjellområdet rundt Hoven. Ut frå ynskje og vertilhøve går vi til Årheimsfjellet 1007 moh (vestover) eller til Staurinibba 1379 moh (austover). Pakken inkluderer Loen Skylift tur/retur, guide og nistepakke. Turen kan også inkludere lunsj i Hoven Restaurant.