Bli med på ein dagstur i høgfjellet, frå Hoven via Skredfjellet, til Nøkketjønn og vidare til Årheimsfjellet med fantastisk utsikt over fjord og fjell.

Turen inkluderer Loen Skylift tur/retur og guide. Turen kan også inkludere lunsj på Hoven Restaurant. 

Pris 2019: NOK 1065 / Med to-retters lunsj i Hoven Restaurant: NOK 1400.  

Turbeskrivelse

Bli med på ei vandring i høgfjellet på grussti, steintrapper og krøtterstiar, frå varde til varde. Vi startar på fin grussti til Skredfjellet, og går vidare vestover til Nøkketjønn, og vidare til turmålet på Årheimsfjellet over Stryn. Retur er same veg.      

Praktiske opplysningar

  • Oppmøte: Loen Active Base Camp i Loen.

  • Ankomst Hoven (1011 m.o.h.) med Loen Skylift.

  • Tid: 6 timar (3,5 timar vandring)

  • Lengde: 6,3 km / 340 høgdemeter

  • Vanskegrad: Krevjande med hensyn til lengde, men dei med normal fysisk god form greier det. Gruslagd sti, steintrapper og sti i terreng.

  • Alder: Anbefalast frå 8 år og oppover. Born må kunne gå avstanden sjølve..

  • Ta med: Vatn, fjellsko (kan leigast), varme klede, vanntett jakke, niste/snacks.

  • Tilgjengeleg: Mai/juni - oktober.

  • Guide avsluttar turen ved Hoven Restaurant & Bar, så gjesten har valfri returtid med Loen Skylift.

  • Inkludert: Guide og Loen Skylift t/r. Turen kan bestillast med to-retters lunsj i Hoven Restaurant.

  • Min. antal personar for å gjennomføre turen: 4 personar. Maks 12 personar per guide.

Tilbake til pakkane.

send bestilling/førespurnad

Namn *
Namn
Derrsom born skal vere med på turen venlegast skriv også borna sin alder.
Dato *
Dato
Ynskjer du å bestille to-retters lunsj i Hoven Restaurant?