Laurdag 6. juni blir det brass av høg kvalitet på fjellet!
Molde Brass Band er eit ambisiøst og engasjert brassband med base i Molde, stifta i 1979. Korpset sitt motto er «Meistre, bevege, begeistre» og med det som utgangspunkt samlast dyktige musikarar i alle aldre frå Romsdalsregionen og jobbar målretta for høg musikalsk kvalitet. Med eit variert repertoar og sterke konsertar vert det skapt gode opplevingar for både publikum og utøvarar, der “Stille Stund” på vesle julaftan kanskje er den viktigaste og mest tradisjonelle.
Denne dagen blir det ein 45 minutts konsert på takterrassen på Hoven.
Konserten er gratis for alle gjestar ved Loen Skylift.