Tilbake til alle arrangementer

Konsert med Lauvstad Musikkorps

Lauvstad Musikkorps er andre korps på terrassen denne helga! Dei vart stifta i 1962, og held til på Lauvstad i Volda kommune. Bygda er ikkje så stor, men korpset har alltid hatt god støtte frå bygdefolket, som møter trufast opp på arrangement og konsertar gjennom året.

Korpset tel i dag 32 medlemmer i alderen 10 til 80 år. Fleire familiar er representerte med tre generasjonar, noko som skaper eit sterkt samhald og eit levande musikalsk miljø. Dei fleste medlemane bur på Lauvstad, men folk frå nabobygdene er også med i det populære korpset.

Gjennom året spelar Lauvstad Musikkorps på julekonsertar, 17. mai-feiringar og ulike arrangement i lokalmiljøet. Ein fast tradisjon er ein årlege korpsturen i juni. Dei siste åra har turane gått mellom anna til Tyskland og Danmark - denne sommaren er det tur til Loen og Olden som står på programmet.

Repertoaret er variert og spenner frå kyrkjemusikk og stemningsfulle juletonar til marsjar, populærmusikk, jazz og blues. Magne Drabløs har dirigent korpset i over 15 år!

Konserten vil foregå utandørs på takterrassen og er gratis for gjestar i Loen Skylift.


Forrige
Forrige
6. juni

Molde Brass Band

Neste
Neste
7. juni

Konsert Kvalsvik-Nerlandsøy musikkorps