12. november inviterer vi til julegilde på Hoven - med julemat, øl- og akevittsmaking. Morten Paulsen frå Arcus/Anora og Thomas Hovlandsvåg frå Kinn Bryggeri vil guide oss gjennom kvelden. Lidenskapen for gode smakar er gjennomgåande, og no skal dette kombinerast med julemat på Hoven. Vi har også alkoholfrie alternativ.
Treretters meny med drikke og avec. Pris: 1190,- per person (+ avgift).
Morten Thyregod Paulsen er senior produktutvikler i Arcus/Anora, og har mellom anna ei doktorgrad med fokus på samspel mellom mat og drikke. - Eg er glødande opptatt av norsk og nordisk matkultur, seier Paulsen. - Akevitt er det naturlege følget til tradisjonsmaten og ein viktig del av kulturarven vår. Eg er stolt over å kunne jobbe med produkt som er ein viktig del av folk sine mattradisjonar. Samstundes er det viktig å utvikle akevitten med tida. Kva nye matrettar passar akevitten til? Og korleis skal ein ny akevitt smake for å passe til nye behov?
Thomas Hovlandsvåg er heimebryggaren som fekk innpass i Kinn Bryggeri i 2014. Han held ulike arrangement og opplæring på restaurantar og serveringstadar. Kinn Bryggeri lagar handverksøl i engelsk og belgisk stil basert på vatnet frå Sagafjella. Gamle handverksteknikkar som opa gjæring og flaskemodning er viktige. Ingen av ølsortane blir pasteuriserte eller filtrerte, og alt blir produsert på dei to bryggeria i Florø.
Avgrensa antal plassar. Påmeldingsfrist: 12. november
Praktisk informasjon
Arrangementet startar kl 19:00, og siste bane ned er kl 00:30. Baren stenger servering ved midnatt.
Gode alkoholfrie alternativ er tilgjengelege.
Dei som har billett til arrangementet får kjøpe banebillett i billettluka til 300,- t/r (ordinær pris 450,-). Dei som har årskort kan nytte dette.
Allergiar? Send dette på e-post til eva@alexandra.no
Grunna smittevernhensyn er det eit begrensa antal plassar på arrangementet. Sjå våre smitteverntiltak her. .