Tilbake til alle arrangementer

Feststemning med Jørn Kvalheim

Jørn Kvalheim – festmodus garantert 3. juledag

3. juledag blir det høg stemning på Hoven når Jørn Kvalheim tek scena. Jørn er ein sjarmerande liveartist med over 180 konsertar berre i fjor, og har spelt seg gjennom heile landet – frå små scener til store festivalar.

Mange hugsar han også frå Idol 2014, der han song seg heilt til 2. plass med sterke tolkingar av m.a. Foo Fighters, Bruce Springsteen, The Tallest Man on Earth og Coldplay.

Jørn er kjent for ei stemme som både kan være rå og kraftig – og samtidig varm og nær. Han meistrar alt frå rock og pop til soul og viser – og leverer både moderne hitversjonar og klassiske slagarar med sin eigen signatur.

På Hoven kjem han med eit solid arsenal av låtar som set i gang både allsang og danselyst. Perfekt festmix for romjulsmodus!

I tillegg til eit liv på vegen, har Jørn også gitt ut 2 EP-ar og 7 singlar – både med band og i sitt nye soloprosjekt.

Kort oppsummert: energi, publikumstekke og musikk du ikkje klarar å sitje stille til.

Tidspunkt:

  • Jørn Kvalheim spelar frå kl. 21:20 til 00:15.

  • Barane er opne til kl 00:30

  • Matservering til kl 21 (siste bestilling 20:45)

  • Siste bane ned frå fjellet går kl. 01:00.

PS!

  • Start gjerne kvelden med ein morosam Kahoot Romjulsquiz før showet startar!

  • Vil du ete i restauranten? Hoven Restaurant serverer fram til kl. 21:00. Hugs å bestille bord på førehand - også om du ikkje ynskjer mat.

  • Ingen inngangsbillett

Velkomen til ein fantastisk kveld full av musikk, moro og god stemning!

Forrige
Forrige
27. desember

Kahoot romjulsquiz

Neste
Neste
28. desember

Aleksander Raftevold