Ta kontakt på 57 87 59 00 eller post@loenskylift.no for bestilling.
Romjul høgt til fjells
Romjul høgt til fjells
Velkomen til ei koseleg romjul på fjellet. I romjula held Loen Skylift ope dagleg frå 3. juledag og til og med 1. januar. Leik i snøen eller gå tur, og om vêrforholda tillet det blir det aking. Fjellbutikken leiger ut kjelkar og truger. Hoven Restaurant byr på peiskos, god mat og levande musikk.
Kvar dag mellom 28. desember og nyttårsaftan vil Anders Viktor Kvile skape lun romjulsstemning i Hoven Restaurant. Og kanskje tek han med seg ein gjesteartist eller to? Anders har bachelorgrad i musikk, og jobbar som organist i Stryn. I tilegg er han frilans musiker som tar på seg alt av musikalske oppdrag. Sjølv om piano er hovudinstrument, trakterer han både orgel, trekkspel, trompet og klarinett, samt arrangering og komponering. Han har spesielt eit hjarte for jazz. Konsert kvar dag i perioden 28.-31. desember kl 14:00-16:00. Vi anbefaler at du bestiller bord på førehand.
Quizen startar kl 19, og alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Om du ikkje har prøvd Kahoot før er det veldig enkelt å lære. Delta aleine eller på lag saman med gode vener (maks fire per lag/bord). Kveldens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass. Gratis deltaking. Etter quiz’en spelar 3Naboar opp til dans. Les meir om quiz’en.
Denne kvelden blir det levande musikk ved trioen 3Naboar i Hoven Restaurant. Dei spelar opp kl 21, og spelar fram til 00:30. Finn ut meir.
Hoven Restaurant serverer frå 3. juledag til 1. januar. Menyen består av både julemat og andre freistingar. Sjå menyen her. Skyshop vil også vere open med servering av kanelsnurrar, kaffi og andre forfriskningar. 2. januar er det kun Hoven Bar og Skyshop som held ope.
Om veret tillet det vil vi køyre opp vandreløyper til Skredfjellet, og lage akebakke. Følg med på vår Live-side for oppdatert informasjon. Det er fine forhold for trugeturar, så ta med gode sko og gode klede. Loen Active leiger ut truger og stavar i Fjordshop, eller kontakt banetilsette på toppen. Du kan til og med leige vinterdress og skibriller.
Loen Active Fjellbutikk blir open kvar dag frå og med onsdag 27. til og med søndag 31. desember kl 10-16.
Nyt høgfjellet heile året, frå korte og lange fotturar, Via Ferrata, aking, toppturar på ski og trugeturar, til arrangement og levande musikk. Kampanjen varer til og med 31. desember 2023. Innbyggarane i Stryn kommune får ein ekstra hyggeleg rabatt, uavhengig av kampanjeperioden. Finn ut meir.
Julebord
med treretters julemeny, t/r Loen Skylift og dans på Alexandra
Julebord
med treretters julemeny, t/r Loen Skylift og dans på Alexandra
Ta julebordet på høgfjellet, med lokale delikatesser og klassikarar. Denne førjulstida tilbyr vi julebordspakkar i samarbeid med Hotel Alexandra for firma og grupper på 10 personar eller meir kvar fredag og laurdag frå 24. november til og med 16. desember 2023. Julebordspakken inkluderer treretters julemeny i Hoven Restaurant, tur/retur med Loen Skylift og inngong i Alex Dancing der det er liveband og dansegolv. Og legg gjerne inn ein aktivitet eller to før maten, eller kanskje eit møte.
I menyen kan du velge mellom ulike rettar, som mellom anna pinnekjøtt frå Torheim gard i Oppstryn.
2023: Pakkepris per person: 1390,- som inkluderer
Tur/retur med Loen Skylift
Tretters julemeny i Hoven Restaurant
Dans med band i Alex Dancing
Desse spelar i Alex Dancing
24. og 25. november: Backflash
1. og 2. desember: Cozy
8. og 9. desember: Cozy
15. og 16. desember: Cozy
Siste bane ned er kl 22:30, og siste innslepp i Alex Dancing for julebordsgjestar er kl 23:00.
Val av kjøt eller fisk som hovudrett må gjerast ved bestilling (deltakarane kan velge individuelt). Gode vegetar-alternativ på førespurnad. Ved matallergi eller spesialdiett vil vårt kjøkken-team hjelpe deg
Vi er behjelpelege med å sy saman eit opplegg som også inkluderer utandørs aktivitetar saman med Loen Active. Ein uhøgtideleg konkurranse, eller ein felles aktivitet som styrker samhaldet. Eller kanskje begge deler? Bli med ut og finn ut om de er fjols til fjells, eller ekte råtassar.
Flotte Hotel Alexandra ligg berre 500 meter frå Loen Skylift. I Loen går ingen «på byen», alle er samla under same tak enten på hotellet eller på Hoven. Den viktige sosiale ramma rundt julebordet vert difor godt ivareteken. Hotel Alexandra har eiga bad- og spa avdeling.
Bruk skjemaet på knappen til høgre eller ring 57 87 59 00, eller ta kontakt på post@loenskylift.no.
Dersom de heller ynskjer julelunsj eller julemiddag i midtveke kan vi også tilby dette (for grupper over 15 personar).