Jul i Hoven Restaurant. Foto: Kenneth Svendsen

Jul i Hoven Restaurant. Foto: Kenneth Svendsen

Velkomen til ei koseleg romjul på fjellet. I romjula held Loen Skylift ope dagleg frå 3. juledag og til og med 1. januar. Leik i snøen eller gå tur, og om vêrforholda tillet det blir det aking. Fjellbutikken leiger ut kjelkar og truger. Hoven Restaurant byr på peiskos, god mat og levande musikk.

Klikk her for opningstider.

Hoven Restaurant_Loen Skylift. Foto: Marius Beck Dahle

Hoven Restaurant. Foto: Marius Beck Dahle

Musikk med Anders Kvile

Kvar dag mellom 28. desember og nyttårsaftan vil Anders Viktor Kvile skape lun romjulsstemning i Hoven Restaurant. Og kanskje tek han med seg ein gjesteartist eller to? Anders har bachelorgrad i musikk, og jobbar som organist i Stryn. I tilegg er han frilans musiker som tar på seg alt av musikalske oppdrag. Sjølv om piano er hovudinstrument, trakterer han både orgel, trekkspel, trompet og klarinett, samt arrangering og komponering. Han har spesielt eit hjarte for jazz. Konsert kvar dag i perioden 28.-31. desember kl 14:00-16:00. Vi anbefaler at du bestiller bord på førehand.

5. juledag: Kahoot Fredagsquiz

Quizen startar kl 19, og alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Om du ikkje har prøvd Kahoot før er det veldig enkelt å lære. Delta aleine eller på lag saman med gode vener (maks fire per lag/bord). Kveldens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass. Gratis deltaking. Etter quiz’en spelar 3Naboar opp til dans. Les meir om quiz’en.

5. juledag: 3Naboar spelar til dans

Denne kvelden blir det levande musikk ved trioen 3Naboar i Hoven Restaurant. Dei spelar opp kl 21, og spelar fram til 00:30. Finn ut meir.

Hoven Restaurant & Bar

Hoven Restaurant serverer frå 3. juledag til 1. januar. Menyen består av både julemat og andre freistingar. Sjå menyen her. Skyshop vil også vere open med servering av kanelsnurrar, kaffi og andre forfriskningar. 2. januar er det kun Hoven Bar og Skyshop som held ope.

Leig truger med Loen Active. Foto: Silje Fløtre Reed

Aktiv desember

Om veret tillet det vil vi køyre opp vandreløyper til Skredfjellet, og lage akebakke. Følg med på vår Live-side for oppdatert informasjon. Det er fine forhold for trugeturar, så ta med gode sko og gode klede. Loen Active leiger ut truger og stavar i Fjordshop, eller kontakt banetilsette på toppen. Du kan til og med leige vinterdress og skibriller.

Loen Active Fjellbutikk blir open kvar dag frå og med onsdag 27. til og med søndag 31. desember kl 10-16.

Hugs årskortkampanjen

Nyt høgfjellet heile året, frå korte og lange fotturar, Via Ferrata, aking, toppturar på ski og trugeturar, til arrangement og levande musikk. Kampanjen varer til og med 31. desember 2023. Innbyggarane i Stryn kommune får ein ekstra hyggeleg rabatt, uavhengig av kampanjeperioden. Finn ut meir.


Anders Viktor Kvile vil spele i Hoven Restaurant i romjula