Shetlandske vikingar inntek Hoven!
Denne dagen får Loen Skylift storfint besøk frå Shetlandsøyane når rundt 30 deltakarar frå den verdskjende Up Helly Aa-tradisjonen kjem til Hoven.
Up Helly Aa er Shetland sin største kulturfestival og ei markering av øygruppa si sterke norrøne arv. Kvart år samlar festivalen tusenvis av menneske til fakkeltog, vikingskip og storslåtte opptog leia av den såkalla «Jarl Squad»; vikingar ikledd imponerande handlaga drakter, hjelmar, skjold og økser. Festivalen har røter tilbake til 1800-talet og er i dag eit av dei mest kjende kulturarrangementa i Skottland.
På Loen Skylift får publikum oppleve eit innslag inspirert av denne unike tradisjonen. Dei shetlandske vikingane tek med seg song, forteljingar, humor og ekte vikingstemning til fjells, med den spektakulære utsikta over Nordfjord som kulisse.
Vikingane inntek Hoven ca kl. 12.00 og vil “herje” på toppen i om lag éin time.
Velkomen til eit heilt spesielt møte mellom Nordfjord og Shetland – høgt over fjorden!