Tilbake til alle arrangementer

Two Times Funky


Two Times Funky er ein duo som spelar dansbar musikk frå mange sjangrar, alt med Janne M. G. Skarstein og Øyvind Lied sitt funky særpreg. Westcoast-stilen har ei naturleg sentral rolle der Øyvind bidreg med eigne låtar. Om du vil danse eller lytte, er ein kveld med Two Times Funky vel verdt det. Sjølv om duoen er ganske nystarta, er dei to musikarane kjende for mange i andre settingar.

Baren er open til 00:30, og siste bane ned kl 01:00. Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til klokka 21. Dei som planlegg å ete bør bestille bord på førehand.

Underhaldninga er inkludert i banebilletten.

PS: Tidlegare på kvelden er det lysvandring på Hoven. Bli med på det før festen startar!

øyvind.JPG
janne2.jpg
Forrige
Forrige
27. desember

Lysvandring

Neste
Neste
28. desember

Romjulskonsert med Lostrupane