Tilbake til alle arrangementer

PREMIEREFEST TUNNELEN

NORGES RÅASTE FØRPREMIERE

TUNNELEN

en film av Pål Øie
NORDISK FILM

Forrykande show med m.a. filmteamet, skodespelarar og innslag av Vassendgutane i Hoven Restaurant, Loen Skylift 14. desember.

Det heile blir avslutta med ein fest som varer utover natta.

FILMVISNINGAR

Filmen vert vist to gongar, og på billettsida vel du kva visning du vil delta på. Dei som deltek på første visning må returnere til Loen seinast 17:30, men er velkomne tilbake kl 21:30 (18 års aldersgrense). Om du vil vente i Loen anbefaler vi t.d restaurant og fasilitetar på Hotel Alexandra. Aldersgrense på filmen er 15 år, eller 12 år i følge med ein vaksen.

Visning 1 kl 15:00:

Kl 15:00: Presentasjon av skodespelarar og crew. Songinnslag v/Vassendgutane
Kl 15:30 Kino
Kl 17:10 Framsyning 1 slutt. Alle ned med Loen Skylift

Bane opp seinast kl 14:30. Det er ikkje nummererte plassar. Alle som skal på denne framsyninga må returnere med bana seinast kl 17:30. Gjestar over 18 år med billett til første visning kan ta bane opp att frå kl 21:30 (inkludert i banebilletten denne dagen).

Visning 2 kl 19:00

Kl 18:00 Transport opp med Loen Skylift for visning 2
Kl 19:00 Presentasjon av skodespelarar og crew. Songinnslag v/Vassendgutane
Kl 19:40 Kino
Kl 21:20 Film slutt
Kl 21.30 – 01:00 Etterfest med DJ (18 års aldersgrense)

Bane opp frå kl 18:00. Det er ikkje nummererte plassar. Premierefesten startar umiddelbart etter siste filmvisning. Aldersgrense på etterfesten er 18 år, så yngre må returnere med bana etter filmvisninga. Siste bane ned kl 01:00.

RABATT BILLETT LOEN SKYLIFT

Billett til Loen Skylift må kjøpast separat, men med framvisning av gyldig billett får du banebillett til 260,- (ordinært 440,-) for vaksne og 130,- for born/ungdom mellom 12-15 år. Dei som har årskort o.l. kan bruke dette. Gjestar med billett til visning 1 er velkomne til etterfesten på same skylift-billett (merk 18 års aldergrense).

SERVERING

Det vil vere mogleg å kjøpe god kinomat. Baren er open under heile arrangementet.

Ver rask - det er eit begrensa antall billettar.

Vi gjer merksam på at Hoven Restaurant vil vere open kun for dei med gyldig billett denne dagen etter kl 14:00.

Plakat Tunnelen Loen Skylift final.JPG

Takk til våre bidragsytarar

 
 
 
Forrige
Forrige
8. desember

Adventssøndag

Neste
Neste
15. desember

Julespel og adventssøndag