Laurdag 20. februar blir det Rumperally ski- og akerenn for born i alderen 6-15 år. Løypa vil bestå av nokre enkle svingar og nokre mindre hopp.

Vi har fokus på leik og moro, ikkje prestasjon, men det vil bli notert ned tider for deltakarane. Alle som deltek får ein liten premie.

Påmelding i Hoven Restaurant og ute ved akebakken.

Ta med eigne ski eller akebrett. NB! Hjelm er påbode, vi ber dykk ta med dette.

Arrangementet er gratis for alle gjestar ved Loen Skylift. Mindre born bør vere i følge med vaksne.

Heiagjengar og publikum er hjarteleg velkomne!

Meir om vinterferien i Loen.

Smittevern
Loen Skylift føl nasjonale og kommunale retningslinjer og vil ha eit høgt fokus på reinhald og smittevern. Vi tilrettelegg alle våre produkt ut frå desse retningslinjene. Gjestar og tilsette skal føle at det er godt og trygt både å besøke og jobbe hos oss. Les meir.